OVERSIKT | NYHETER | SPORT | MUSIKK | UNDERHOLDNING | FILM | LITTERATUR | MAT | BARN | UPUNKT |
![]() | ![]() |
Her er du: NRK > Programmer > TV-arkiv > Kvardagsliv > Eit nytt kvinneliv | Oppdatert 06.04.2001 11:08 |
| Biografier Betzy Alexandra Kjelsberg Publisert 11.12.2000 15:12 Betzy Alexandra Kjelsberg, født i Svelvik, norsk kvinnesakforkjempar, politikar og fabrikkinspektør.
Kjelsberg var med på å skipe både diskusjonsgruppa Skuld (1883) og Norsk Kvinnesaksforening (1885), og sto seinare som stiftar av fleire kvinneforeiningar i Drammen: Kvinneleg handelstands forening (1894), Drammen kvinnesaksforening (1896), Drammen Sanitetsforening (1894) og Drammen Kvinneråd (1903). I 1899 skipa ho kvinnesaksforeningas husmorskule, som var den første fagskulen i husleg økonomi i Noreg. Husstellsaka opptok henne sterkt, og i 1925-38 var ho styreformann ved Statens lærarinneskule i husstell. Ho satt som styremedlem i Norske Kvinners Nasjonalråd frå starten i 1904, og som leiar i perioden 1922-38 1908 blei ho valt inn i Drammen stedlige fabrikktilsyn, og i 1910 blei ho tilsett som Noregs første kvinnelege fabrikkinspektør. Denne stillinga hadde ho i 25 år, og ho gjorde ein banebrytande innsats på dette området. I mange år fungerte ho og som den norske regjeringa sin representant ved internasjonale arbeidskonferansar i Genevè. Betzy Kjelsberg var og aktiv i partipolitikken. Ho blei tidleg medlem av Venstre og satt i to periodar i Drammen bystyre. 1926-38 satt ho som første kvinnelege medlem av venstres sentralstyre. Kjelde: Store Norske Leksikon |
20.12.2000 17:01 Andre forteljingar 19.12.2000 09:22 Et nytt kvinneliv 14.12.2000 16:59 Historiske fakta 12.12.2000 08:59 Gro Harlem Brundtland 12.12.2000 08:59 Sonja Henie 11.12.2000 15:12 Ingrid Bjerkås 11.12.2000 15:12 Johan Castberg 11.12.2000 15:12 Betzy Alexandra Kjelsberg 11.12.2000 15:12 Katti Anker Møller |
Copyright NRK © 2001 - Telefon: 815 65 900 - E-post: info@nrk.no - 02.01.2009 20:48 |