OVERSIKT | NYHETER | SPORT | MUSIKK | UNDERHOLDNING | FILM | LITTERATUR | MAT | BARN | UPUNKT |
![]() | ![]() |
Her er du: NRK > Programmer > TV-arkiv > Kvardagsliv > Eit nytt kvinneliv | Oppdatert 06.04.2001 11:08 |
| Biografier Katti Anker Møller Publisert 11.12.2000 15:12 Katti Anker Møller (1868-1945) blei fødd på Hamar. Etter lærareksamen var ho eitt år i Frankrike. Der såg ho prostitusjon og fornedring av ugifte mødrer på nært hald.Det kom til å prege henne resten av livet.
I perioden 1901-1915 arbeidde ho nært med svogeren Johan Castberg for å få vedteke lovar som skulle sikre såkalla uekte barn arverett etter faren, og rett til å bruke namnet til faren. "Dei Castbergske barnelovaer" som ble vedtekne i 1915, var dei mest radikal i sitt slag i verda. Loven var i stor grad hennar verk. Same år heldt ho det vidgjetne, kontroversielle foredraget om prevensjon og abort. Ho hevda med styrke at kunnskap om prevensjon måtte bli allment kjent, og at abort var einaste utvegen for mange fattige, einslege mødrer og difor måtte avkriminaliserast. Det å vera mor skulle vera ei frivillig glede, ikkje tvang. Ideane hennar møtte sterk motstand, ein av dei skarpaste motstandarane var Sigrid Undset. Kvinnesaksrørsla ga heller ikkje heilhjarta støtte. Katti Anker Møller var medlem i det første styret til Norske Kvinners Nasjonalråd. Der arbeidde ho m.a. for færre barnefødslar og statleg morslønn. Dette blei for radikalt for NKN. Ho gjekk ut, men heldt fram med samarbeidet med NKN. Ho var ei av drivkreftene bak Kvinnenes Enhetsfront i 1924. Då ho fekk skipa det første Mødrehygienekontoret i 1924 i Oslo var det med støtte frå arbeidarkvinnene. Moralvernforeningen, Husmorforbundet og representantar for NKN gjorde alt dei kunne for å leggje hindringar i vegen for kontoret. Framståande medlemmer frå desse foreningane gjekk til retssa i 1927 for å stengje mødrehygienekontoret, men dei tapte. Kontoret blei først lagt ned i slutten av 1980-åra. Ordskiftet om "familievenleg politikk" som ho fekk i gang var med å få vedteke lov om barnetrygd i 1946, året etter at ho var død. Viktige artiiklar av Katti Anker Møller: Moderskapets frigjørelse (1915), Kvindens fødsespolitikk (1919) og Mødreløn (1920) Kjelde Store Norske Leksikon |
20.12.2000 17:01 Andre forteljingar 19.12.2000 09:22 Et nytt kvinneliv 14.12.2000 16:59 Historiske fakta 12.12.2000 08:59 Gro Harlem Brundtland 12.12.2000 08:59 Sonja Henie 11.12.2000 15:12 Ingrid Bjerkås 11.12.2000 15:12 Johan Castberg 11.12.2000 15:12 Betzy Alexandra Kjelsberg 11.12.2000 15:12 Katti Anker Møller |
Copyright NRK © 2001 - Telefon: 815 65 900 - E-post: info@nrk.no - 02.01.2009 20:48 |