OVERSIKT NYHETER SPORT MUSIKK UNDERHOLDNING FILM LITTERATUR MAT BARN UPUNKT
NRK toppbanner_puls_mobbing

Her er du: NRK > Programmer > TV > Puls > Mobbing

Oppdatert 27.08.2003 16:30

STOPP MOBBINGEN

GODE LENKER

vintergleder og vinterplager
 

Ukas dilemma

Publisert 18.11.2002 16:50

Kva gjer du hvis barnet ditt blir mobba for noko som har med deg å gjere: kleda dine, dialekta di, den rare bilen eller kan hende ein organisasjon du er med i? Endrar du deg for å hjelpe?
Kva gjer DU? Si di meining!


"Ojojoj, her er det i sanning fleire grunnar til at barnet mitt skal mobbast!

For det fyrste trives eg i krølleskjorte og jeans, har tatt vare på Telemark-dialekten min frå Nissedal og køyrer ein bil som bråkar og gjeng som ein traktor. I tillegg har eg viljestyrke som stend til namnet mitt, så dette er absolutt ei lei knipe. Men la gå, kva gjer eg:

1. Følelsen

Synd å få greie på at barnet mitt blir mobba - ikkje fullt så gale når eg får vite at EG er årsaka til mobbinga.

2. Medfølelsen

Ville nok fortald litt om at også EG blei mobba som barn. Som son av ein lensmann og KrF-ordførar måtte eg rett som det var finne meg i å bli kalla både mini-lensmann og reserve-Jesus. Klart det var sårt, men av ein eller anna grunn slutta ikkje far i politietaten av den grunn. Eller hoppa av som ordførar midt i perioden. Sjølv blei eg vel litt herda av det - blei utfordra til å ta eigne standpunkt. Om viljestyrke-vrien ikkje hadde gjort inntrykk på barnet mitt, ville eg nok starta med klesstilen.

3. Kleda

Krølleskjorte og jeans ville eg vrake til fordel for kjedeleg collage-genser og Dressmanns bilbukse (den som ikkje krøller). Ville nok halde på dette klesimaget eit par månader får å teste eventuell nedgang i mobbinga av barnet mitt. Utan å kaste garderoben eg trives i.

4. Dialekten

Dialekten er det verre med. Snakkar knotande riksmål for å gjere meg forstått blant svenskar, danskar og ein del av våre nye landsmenn, men høyres like ille ut som eit riksmålsmenneske som talar nyNoregsk på Det Norske Teatret. Altså ikkje veldig smidig. Eg fryktar nok at mobbinga ville AUKA dersom eg konverterte til knoting.

5. Bilen

Har nett punga ut 15 lappar for min Landrover Defender som var på service, så her måtte eg fått VELDIG bra innbytte om eg skulle skifte til anna bil. Ville nok også hatt problem med å vite kva som var den rette bilen å skifte til. "Kjøp Skoda by'n å gå-da" var omkvedet då eg vaks opp, men i dag har jo Skoda blitt ein Superb bil for nuftige mennesker. Corolla - umogleg fordi motoren er berre halvgått når bilen er gjennorusta. Og uansett ville sikkert barnet mitt blitt mobba for ein GAMAL bil også. OK - leasing av ein keisam bil hadde KANSKJE vore eit alternativ. Men då ville eg brukt oppspart barnetrygd for at barnet skulle bli kvitt mobbing og eg få råd til eit fullstendig unødvendig bytte.

TOTALEN

Dårleg endringsvilje her, gitt! Er visst berre klesstil - og til naud bil - eg er villig til å ofre for at barnet mitt skal mobbast mindre. Men så har eg likevel gjort kirurgisk inngrep for å hindre at komande generasjon skal mobbast som burugle eller brilleslange, og laseroperasjonen kosta trass alt 30 tusen. Så LITT endringsvillig er eg vel.

Styrk

PS: Den største støtta til barnet ditt gir du nok likevel ved å møte opp på neste foreldremøte. Ta video/foto av dei andre foreldra, og lag eit skjema som junior kan bruke i dialog med mobbarane. "Og du då - mariusgenser-mor di med stålbriller ser vel ikkje så mykje yngre ut enn krølleskjorte-pappaen min med laseropererte augo!" DS


(Styrk Fjærtoft Trondsen går direkte om livets ubesvarte spørsmål kvar sundag klokka 17:30 på NRK1. Styrk live)


LENKER
  • Kva gjer DU? Si di meining! 
  • Dilemma: Læreren føler seg mobbet av ditt barn. (Kari Slaatsveen) 
  • Går du på jubileumsfest med mobberne? (Marianne Furevold) 
  • Kompisen din blir utstøtt av gjengen. Hva gjør du? (Stian Barsnes Simonsen) 
  • En kollega betror seg, hva gjør du? (Anne Sandvik Lindmo) 
  • Ingen vil komme i bursdag - hva gjør du som mor? (Rita Westvik) 
  • Hva gjør du hvis du får vite at barnet ditt mobber? (Hilde Hummelvoll) 
  • Styrk live 


  •  
     
    SØK

    KONTAKT OSS
    PULS
    FG31
    0340 OSLO

    10 SISTE MOBBING
    18.11.2002 16:50
    Ukas dilemma
    11.11.2002 07:37
    Ukens dilemma
    08.11.2002 15:25
    Ny mobbe-lov forplikter
    04.11.2002 14:19
    Ukens dilemma
    04.11.2002 11:56
    Slik oppdager du mobbing
    04.11.2002 11:39
    Tro på barnet ditt!
    29.10.2002 16:33
    - Vær lojal mot barnet!
    29.10.2002 16:21
    Alt var "feil"
    29.10.2002 16:09
    Altfor lang vinter

    Copyright NRK © 2001   -  Telefon: 815 65 900  -   E-post: info@nrk.no   -   04.01.2009 21:40