Telemark Kultur 3_1
Her er du: NRK.no > Papirkurv > Buskerud, Vestfold, Telemark GAMLE TING (10.5.2004) > Kultur NRK Telemark Sist oppdatert 12:37
SAMLESIDER:


Aktuelt:





Andre medier:
TIPS OSS >
Siste nytt frå distriktskontora i NRK NRK Finnmark NRK Troms NRK Nordland NRK Trøndelag NRK Møre og Romsdal NRK Hedmark og Oppland NRK Sogn og Fjordane NRK Hordaland NRK Rogaland NRK Sørlandet NRK Østlandssendingen NRK Østfold NRK Buskerud, Telemark og Vestfold Siste nytt frå distriktskontora i NRK Siste nytt frå distriktskontora i NRK
 
SØK LOKALT PÅ:
 
 

Målpris til Kjell Bitustøyl

Telemark Mållag sin Målpris for 2003 gjekk i år til Kjell Bitustøyl frå Bø. Prisen er eit tresnitt av Terje Grøstad "Vinterfjell" med motiv av Gaustatoppen og vart utdela i samband med Telemark Mållag sitt årsmøte på Bø Hotell laurdag. 13. mars.

Publisert 15.03.2004 10:19.
I grunngjevinga heiter det:

Telemark Mållag har gjeve Målprisen til Kjell Bitustøyl for hans mangeårige arbeid som kulturformidlar gjennom Telemarksfestivalen, dei siste åra som ein høgt profilert styreleiar. Og som mangeårig redaktør av Spelemannsbladet.

Kjell Bitustøyl (t.v.) fekk prisen av mållagets leiar, Ragnar Lurås. (Foto: Ragnvald Christensson)
- Kjell Bitustøyl har vore ein uredd og engasjert forsvarar av Telemarksfestivalen. Han har fått både Kronprinsesse Märtha, tidlegare statsminister Kåre Willoch og SOS Rasisme til å tale varmt for den norske kulturarven og nynorsken.

- Kjell Bitustøyl har sørga for å sette Bø og Telemark på kartet som eit kulturfylke. Og er sterkt medansvarleg for at Telemarksfestivalen uttrykker seg på nynorsk i alt dei gjev ut, både i pressemeldingar, programinformasjon og på internett.

Det sa leiar i Telemark Mållag, Ragnar Lurås, då han overrekte prisen på kulturkvelden til Bø Mållag i samband med årsmøtet i Telemark Mållag.

- Dette var uventa. Eg har alltid forsvara nynorsken, og Målprisen gjev ein veldig inspirasjon. Eg meiner nynorsken og folkemusikken er to minoritetskulturar som treng kvarandre.

- For meg er nynorsk knytta til identitet, og min måte å uttrykke tankar og kjensler på, sa Kjell Bitustøyl då han tok i mot Målprisen for 2004.

Siste saker:
Flere saker: ALT OM KOMMUNE: BØ

 

Østafjells

Buskerud, Telemark og Vestfold har nye sider:

Teknisk feil på wap

På grunn av tekniske problemer er det ikke mulig å lese våre nettsider via mobiltelefon. De blir ikke oppdatert, men det jobbes med å finne en løsning på problemet.

 
10 SISTE NRK TELEMARK
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no