skilleBanner kroningsjubileet skille_slutt
kommentar_3_1_banner
Her er du: NRK.no > Nyheter > Kommentar Sist oppdatert 16:09
NRK Nyheter
Tlf: 23 04 80 00
Faks: 23 04 71 77
nettnyheter­@nrk.no
Adresse: 0340 Oslo

Publikumsservice
Tlf: 815 65 900
info@nrk.no


Nyhetsredaktør:
Rune Nøstvik
Ansvarlig redaktør NRK.no: Are Nundal

Tips NRK Nyheter:
nyheter@nrk.no
Tips alle nyhets­redaksjonene
Tlf: 23 04 80 00

 
P2-kommentaren

Kor er alle gudane

Vi stod ved inngangen til eit prangande Buddhisttempel i India, då eg såg munkane bøye seg ærbødig ned framfor ein buddhaskulptur. At dei orkar, tenkte dei vestlege turistane, feiande forbi templet på jakt etter noko enno meir etnisk enn dette. Eg må innrømme at eg tenkte tanken sjølv. Kvifor drive å ære ein død statue, og etter vestleg estetiske mål, ein glorete og merkeleg figur?

Publisert 07.06.2002 13:46.

Av Øystein Rakkenes

Nok ein munk reiser seg opp, går fram til alteret, kastar seg heilt ned på golvet framfor Buddha, heilt ned og heilt opp igjen, ikkje berre ein, men mange gonger.

- Kva er det du ærer i din kultur, spør ein av munkane meg.

- Kva eg ærer i min kultur? Tja…

Illusjonane som brast

Vi har jo kasta av oss det vi kallar overtru. Ikkje trur vi på kongemakta, ikkje på statsministeren eller politikarane. Prestar smiler ein av, finansfolket blir sett på som ei velståande, men moralsk bankerott overklasse. Journalistar har gjort yrket sitt om til ei forbruksvare, så dei kan vi heller ikkje tru på lengre. Legar er ikkje lengre vismenn, men medisinske teknikarar.

Eg forklarar munken at den avslørande utviklinga har gått så fort i Vesten. Vi har gjennomskua alle dei falske autoritetane. Og det har diverre vore heilt nødvendig etter alle dei forferdelege historiske eksperimenta Europa har gjennomgått dei siste hundre åra. Munken nikkar, men verkar usikker.

- Er det ingen gudar igjen då, i Vesten? Spør han.

Vi har ingen gudar utanom marknadsøkonomien tenkjer eg, men seier det ikkje.

Desperat leiting

Denne samtalen med munken kom eg på då eg traff ei norsk kvinne i slutten av 50-åra nyleg. Ho hadde forsynt seg grådig av livet, pietisme var henne totalt framandt. Dama var villeg til å betale kva som helst, berre nokon kunne gje henne ei ny sanseoppleving. Noko ho aldri før hadde kjent.

Det fanst ikkje den matretten ho ikkje hadde smakt. Det var ikkje noko tenkbar ny erotisk oppleving som kunne måle seg med alt ho hadde legge seg gjennom. Ho verka desperat etter å få det store kicket. All nyting frå i fjor var berre avbleika minner.

Kanskje ho, om ho hadde hatt pengar til det, skulle gjort som ei amerikansk enke med milliardar på kontoen. Enka hadde råd til å gjennomføre ein erotisk fantasi i det litt større formatet.

Ho fantaserte om å iscenesette mytteriet på Bounty der enka ville vere ei kvinneleg utgåve av kaptein Bligh. Dama let bygge ei stor treskute til mange millionar. Så hyrte ho mannskapet, femti kjekke unge potente menn. Fru kaptein Bligh kommanderte, og matrosane måtte berre lystre henne inn og ut av hennar etterlengta lystseilas.

Rett i grøfta

Problemet er berre, kva gjer ein etter ei slik hending? Kva skal til for å overgå dette erotiske mytteriet? Den som har svaret kan sjølvsagt tene seg rik, for dette er forbrukarsamfunnet sitt store mareritt. Kva gjer vi den dagen hyttene, indrefileten, erotikken, årgangsvinane og den franske blåskimmelosten ikkje lengre lokkar? Kva skal vi då tru på? Når alt blir tomt?

Eit aldeles strålande utgangspunkt ville både buddhistane så vel som nihilismens Nietzsche seie. Nietzsche såg for seg vårt skakkøyrde livseksperiment som så ute av lage, at det berre var å pøse på med alt som er gale, og til slutt køyre oss heilt i grøfta. Først derfrå er det muleg å ta til på nytt.

Buddhistane ville seie at det å skape eit tomrom i sinnet, det er storvegs. Først då kan eit menneske fyle seg med dei ekte sanningane om livet.

Men er dette svaret, funderer eg på medan eg skriv mitt manus på datamaskinen eg set slik pris på.

Det magiske skille

Då forbrukarsamfunnet var ungt, og vi alle var glade og framstegsoptimistiske, då var framleis eit menneske noko vesentleg anna enn varene vi forbrukte.

På eit eller anna punkt i historia kom det eit skille. Då blei også vi å likne med varer. Merkevaren Martha Louise skreiv VG nyleg om den nygifte prinsessa. Ho har starta eige firma. Og på arbeidsplassane, også i NRK, er den image du skaper ein del av produktet, eller programmet.

Kor produktet sluttar og du som person startar er meir og meir uvisst. Tidlegare kunne vi shoppe av dei godane systemet kunne framby oss. No er det som om det same systemet er med å konsumere oss, både deg og meg.

Jakta på trua

Men ting skjer. For 25 år sidan var det stort sett berre Klassekampen som programmatisk kritiserte monopolkapitalismen. Sidan har reaksjonane mot forbrukarparadiset fått hjelp av Kåre Willoch, og Aftenposten. For nokre veker sida spanderte avisa ei heilside flengande kritikk av fallert forretningsmoral og grådige innsidehandlarar

Medan buddhistmunkane, dei held på som før. Eg kunne ikkje dy meg for å spørre munken i India om han ikkje kjende det rart og skulle ære ein glorete Buddha-figur? Han smilte og sa at det ikkje var statuen i seg sjølv, men det den representerte han æra. Det same sa ein ung mann frå Vesten som var i India på pilegrimsreise, for å treffe sin personlege guru.

- Guruen min er perfekt, sa den unge pilegrimen. Eg grøsste og såg for meg massane som i si tid defilerte framfor Hitler.

- Men trur du verkeleg at guruen din er perfekt?

- Nei, eg veit sjølvsagt at guruen også er eit vanleg menneske. Dette er også eit spel. Guruen har tatt på seg rollen å spele perfekt, men eg veit han ikkje er det. Men så lenge vi let som om, då har eg noko å strekkje meg etter. Det er heile visten, sa den unge mannen, framleis smilande.

- Men kan du ikkje finne nokon i Europa til å vere guruen din, må du heilt til India, spurde eg han.

- Eg må til India. For i Vesten er det ingen som gidd å spele perfekt eingong…forstår du?


Av Øystein Rakkenes
NRK P2, laurdag 1. juni 2002
Bearbeida for nett av Mie Sundberg

Siste saker:

 
Podkast. Ta med deg programmet
50 SISTE NYHETER
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no