skilleBanner kroningsjubileet skille_slutt
kommentar_3_1_banner
Her er du: NRK.no > Nyheter > Kommentar Sist oppdatert 16:09
NRK Nyheter
Tlf: 23 04 80 00
Faks: 23 04 71 77
nettnyheter­@nrk.no
Adresse: 0340 Oslo

Publikumsservice
Tlf: 815 65 900
info@nrk.no


Nyhetsredaktør:
Rune Nøstvik
Ansvarlig redaktør NRK.no: Are Nundal

Tips NRK Nyheter:
nyheter@nrk.no
Tips alle nyhets­redaksjonene
Tlf: 23 04 80 00

 
P2-kommentaren

Applausens pris

Alle vil ha applaus - til og med når den er regissert. For applaus er teiknet på at noko er vellykka, og populært, og det som er populært er godt. Og det som er godt er vel sant - er det ikkje?

Publisert 19.04.2002 15:32. Oppdatert 19.04.2002 15:37.
Av Øystein Rakkenes

Det er vidunderleg å få applaus, kjenne løftet frå massene, bli prissett, bli beundra - bli sett. Kven vil vel ikkje ha applaus? Til og med når den er regissert? For det er den i alle moderne TV-show. Dei kjekke, veltalande programleiarane har alltid eit studio-publikum. For når dei sender sine inntrengande blikk inn i kamera-objektivet ut til oss, så gjer det seg best saman med ei innpakning av latter eller applaus.

Ingen garanti

Den profesjonelle oppvarmaren, eller sendeleiarar, har gjort jobben sin når vi høyrer applausen lett hysterisk idet programleiaren kjem inn og skal ta plass. Altså; publikum klappar før dei har fått varene. Den spanske tenoren Placido Domingo sa eingang at når han møtte eit slikt publikum, som klappa voldsomt før han hadde synge ein einaste tone, så ba han alltid ei stille bøn inni seg med eit lønnleg håp om at det same publikummet måtte klappe minst like mykje når han hadde synge seg ferdig.

Men der har sjølv ikkje Domingo nokon garanti, fordi eit vanleg opera-publikum kan enno klappe som dei sjølv vil. I visse operahus kan det til og med vere buing når publikum ikkje får det dei forventar. Medan i fjernsynsstudio har dei vore så intelligente å få kontroll over applausen – det gjeld å ha alt regissert ned til minste detalj om ein skal halde ratinga – sjåartala – høgt oppe. For applaus er teiknet på at noko er vellykka, og populært, og det som er populært er godt. Og det som er godt er vel sant? Er det ikkje?

Lytte til folket

I teaterprosjektet "Biografi" – nyleg spelt på Nasjonalteatret i Oslo, er eit stykke der halve Filharmoniske Kor var innleigd til å klappe – på kommando, etter notar – rytmisk, urytmisk – begeistra og – skuffa. I dette stykket applaudere koret skuespelarar og journalistar – dei var hovudpersonane i stykket. Dette er grupper som lever midt i applausen – og av appalusen. For får du ikkje nok applaus blir du tatt av. Både i tetatret og i fjernsynet - av den enkle grunn at sjefar i TV og teater seier at det som ikkje er applaudert høgt nok må bort – fordi vi må lytte til folket. Gje folket det folket vil ha. Klart; det høyrest jo både sympatisk og demokratisk ut - at folket får det dei vil ha.

Eg snakka i går med ein psykolog som var så frekk å påstå at folk som oftast ikkje veit kva dei vil ha. Han påstod at vi som individ stabbar rundt og stort sett blir styrt av ein underskog av tankar og pasjonar vi er i liten kontakt med. Difor er det berre i små augneblink at vi verkeleg veit kva vi vil ha.

Han om det, for skulle vi tenke slik, då dett jo heile marknadsideologien saman, og kva skal vi rette oss etter da? Utan rating, utan den målbare populariteten?

Dei rette trinna

Den norske filosofen Harald Ofstad, som levde meste av sitt vaksne liv i Sverige, skreiv for mange år sidan boka "Vår forakt for svakhet." Der har han beskrive ein muleg måte å dele inn oss menneske på: Dei som er opptekne av mennesker og relasjonar og dei som er systemorienterte.

Den menneskerelaterte er som regel ikkje ute etter makt, medan den som vil klatre til topps må bruke mykje tid og energi på systemet. For det er gjennom å satse på dei rette trappetrinn på karrierestigen ein kjem til topps.

Den menneskeorienterte gjer oftast jobben sin i halvmørkre – sett frå eit rampelys-synspunkt. Kor mange sosialarbeidarar, innvandrarkonsulentar eller pleiarar på sjukeheimar blir henta fram og applauderte?

No er det heldigvis fleire nivå i dette å bli sett. Nokre må bli sett av dei store massane for å ha eit godt liv, andre må bli sett i VG, andre igjen i Se og Hør – og nokre er nøgde med å få ansiktet i lokalavisa. Eg snakka ein gang med ei nonne i Lunden Kloster i Oslo, ho hadde frivilleg stengt seg ut frå sjå og bli sett samfunnet". Må ikkje det vere ei uuthaldeleg straff for eit moderne menneske, spurde eg henne?

- Nei, svarde ho. Så lenge eg blir sett av Gud er det nok, svarde ho.

Applausens pris

Vi andre som er opptekne av eit litt meire herværande publikum, bør likevel hugse at rating og applaus kan ha sin pris. Tenk berre på romartida då dei kasta kristne til løvene, publikum jubla – og førestillinga hadde maksimal rating.

I USA fekk heile tre afro-afrikanarar Oscar ved siste Academy Award-utdeling. Dei verka forundra over endeleg å bli sett. Men lenge før desse tre fekk applaus – i den tida det var apartheid i USA – tok likevel Louis Armstrong mot til seg og klatra til topps i eit USA der svarte helst skulle vere usynlege. Langt inni skogane mot svenskegrensa sat Hans Børli og forstod noko av applausens janus-ansikt – i denne hyldesten til Louis Armstrong - gamle Satchmo.

Gamle, milde Satchmo –
ansikt som hjulspor på sletten,
som muld og morild.

Sår på leppene.
Blod på munnstykket av messing. Alltid
raser solstormen
i dine lungers kløftede tre. Alltid
flyr en ravn på duevinger
fra din søndersungne strupe.

Nobody knows…

Ser du alle de hvite hendene, Satchmo?
De klapper.
Hender som slo, hender som hengte, hender
som splittet et mildt groende mørke
med hatets brennende kors.
Nå klapper de.
Og du spiller, gamle. Synger
Uncle Stachmo’s Lullaby. Svetten pipler, byrstet
hiver. En sol sitter fast
i trompetens skinnende svelg.
Som gråten i en strupe.

…the trouble I’ve seen.

Hvor ditt arrete smil gjør meg skamfull
over mitt eget stengte ansikt,
mitt knefall for skyggene. Jeg spør deg:
Hvor hentet du kraften til
ditt opprør uten hat? Din
skinnende tone av lys
som gjennomstråler negernatta? Svar meg,
hvor stor sorg skal til…
hvor stor sorg skal til
for å nære en ren glede?

Og trompenten svarer
langt borte fra,
En røk av sølv:

Mississippi…

Av Øystein Rakkenes
NRK P2, lørdag 20. april 2002
Berabeidet for nett av Mie Sundberg

Siste saker:

 
Podkast. Ta med deg programmet
50 SISTE NYHETER
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no