skilleBanner kroningsjubileet skille_slutt
kommentar_3_1_banner
Her er du: NRK.no > Nyheter > Kommentar Sist oppdatert 16:09
NRK Nyheter
Tlf: 23 04 80 00
Faks: 23 04 71 77
nettnyheter­@nrk.no
Adresse: 0340 Oslo

Publikumsservice
Tlf: 815 65 900
info@nrk.no


Nyhetsredaktør:
Rune Nøstvik
Ansvarlig redaktør NRK.no: Are Nundal

Tips NRK Nyheter:
nyheter@nrk.no
Tips alle nyhets­redaksjonene
Tlf: 23 04 80 00

 
P2-kommentaren

Livet sit i pusten

Pusten. Den frie, uhemma gledesfylte pusten. Temperaturmålaren for korleis vi har det. Nyforelska pustar vi alle både djupare og heftigare enn elles. Nervøse for å halde ein tale vil dei fleste bli kortpusta. Vi pustar ekstra godt inn når vi går over svale vidder, og pustar ut etter vel utført arbeid.

Publisert 26.03.2002 10:10.
Av Øystein Rakkenes

Korleis står det til med pusten? Tilhøyrer du den del av befolkninga som dagleg står i fare for å bli kvalt av slipset? Eller i bhurkaen for vestlege menn - dressen? Livet sit i pusten sa kloke menneske i Hellas for 2.500 år sidan. Men tør vi verkeleg å puste heilt fritt - eller må vi - for å halde ut også halde pusten?

Stille revolusjon

For fjorten dagar sidan hadde Norge besøk av ei av Asias mest berømde kvinner, Kiran Bedi. Ho veit mykje om det å puste. Kiran Bedi er frå India - og er eit mykje større namn der enn Sonia Ghandi. Alle veit kven Kiran Bedi er, og alle smiler når dei høyrer namnet.

Kiran Bedi
Kiran Bedi var som ung kvinne nasjonal meister i tennis fleire år på rad. I 1972 blei ho overraskande landets første kvinnelege politioffiser. Midt på nittitalet blei ho beden om å ta over som direktør for eitt av verdas største fengsel, Tihar Central Jail i Delhi, eit fengsel med over 11.000 fangar. På dei to åra ho var direktør omskapte ho store delar av fengslet frå eit terrorvelde til det beste fengslet på heile det indiske subkontinentet. No leiar ho politiopplæringa for 20.000 politioffiserar årleg. Der - som i fengslet - har ho fått folk til å puste. Og ved det har ho skapt ein stille revolusjon.

Kven vi er

Kva hjelper det eit menneske om det vinn heile verda, men taper si sjel? Spør Jesus i Markusevangeliet. Kiran Bedi ville nok omskrive dette verset til: Kva hjelper det eit menneske om det vinn heile verda, men ikkje kan puste? For det er mykje meir enn pusten som står på spel, for bak vår kontroll av pusten lurer spørsmålet: Kven er vi?

Dette spurde også Kiran Bedi då ho brått skulle sjefe over 11.000 fangar i eit fengsel i Delhi i 1994. Kven er vi som held folk innestengde, og kven er det vi puttar i fengsel? Kvifor har dei blitt kriminelle, og er det muleg å reformere innstengde låg-kaste inderar, mange analfabetar og med små sjansar til å lukkast utanfor ei kriminell løpebane?

Kiran Bedi drog kloden rundt og såg på korleis fangar er innestengde, og fann snart ut at i Vesten hadde dei betre fysiske rammer enn i India. Men at sluttresultatet er ganske likt, her som der: Størstedelen av dei kriminelle er - idet dei spaserer ut av fengsla – akkurat slik som dei var då dei spaserte inn, og dei fleste kjem tilbake i fengsl etter kort tid. I Norge som i India.

Vipassana

Kiran Bedi brukte så lupe på alt frå vestlege pedagogiske prinsipp og reformprogram, til det eldste i den indiske filosofiske tradisjonen. Ho enda opp med Vipassana, ein meditasjonsteknikk, ikkje funnen på i går, men for to tusen fire hundre år sidan. Og den er ingen søndagsskole. Dei av fangane som vil, for dette er frivillig, blir først med på lange, førebuande kurs. Der lærer ein grunnleggande pusteteknikk. Så er det sjølve reformprogrammet, der fangane mediterer opptil elleve timar i døgnet.

Massemordarar, militante muslimar, norske hasjsmuglarar og kidnapparar frå indisk overklasse - alle sit dei og pustar stille i hop i ti døgn. Ingen snakkar saman i denne tida, og alle er utestengt frå dagleglivet elles i fengslet mens det pågår. I Tihar Central Jail har den mest tydelege vinsten så langt vore at det er mykje mindre vald i fengslet no enn før. Det har blitt ei meir vennleg stemning.

Livets speil

Ein norsk fange fortalde meg at for han verka Vipassana som eit speil, for første gang fekk han det han kalla eit nøytralt perspektiv på livet, kven han var og kva slags liv han eigentleg hadde levd før han kom bak gitter.

Suksessen i fengslet fekk Kiran Bedi til å ta med teknikken til politiet i Delhi, eit politi med eit frynsete rykte. Ved føttene til den vesle, vevre Kiran Bedi sit no altså ti tusen politioffiserar årleg, og gjennomfører ein eldgammal meditasjonsteknikk for å bli betre politifolk: i India betyr det mindre valdlege politifolk. Også her ser det ut til at Kiran Bedi lukkast. No har dama engasjert seriøse forskarar for å prøve og måle resultata både i fengslet og mellom politifolket.

No tenkjer du som høyrer på at jaha, i India er dei jo så vanleg med meditasjon. Nei da, ikkje for folk flest, iallfall ikkje politifolk eller fattige lågkaste-indarar i fengsel. For dei er ikkje meditasjon meir vanleg enn det ville vere for ein bonde i Gudbrandsdalen. Sjølv om det jo no-til-dags bli haldne meditasjonskurs også i Gudbrandsdalen.

Viktig rollemodell

Kiran Bedis prosjekt har ikkje vore gratis. Sidan ho som kvinne gjorde noko så frekt å kaste sarien og trekke i politiuniform i 1972, og til i dag, har heile hennar karriere vore eit barskt vågestykke. I dag er ho Indias mest profilerte kvinneskikkelse og den viktigaste rollemodellen for unge indiske kvinner.

På fritida held dr. Bedi liv i seks tusen kvinner og barn i Delhis største slum. Det gjer ho gjennom humanitær hjelp frå norske NORAD. Difor var ho her for fjortan dagar sidan, på eit seminar der ho og den indiske nobelprisvinnaren i økonomi, Amarthya Sen var hovudgjestar.

Nobelprisvinnar Sen blei sitert og intervjua av fleire aviser og av radio. Ingen skreiv eit ord om Kiran Bedi. Amarthya Sen har vore så smart at han har tatt på seg den vestlege bhurkaen, dressen og slipset, han snakkar som var han født og oppvaksen på Kings College i Oxford, han har forresten professoratet sitt i Oxford. Og han er akkurat så tørr og knirkete som vestlege intellektuelle plar være.

Livspusten

Vi journalistar, med sans for folk med makt og nobelprisar, kastar oss sjølvsagt over han. Hr. Sen lyttar vi til. Og sjølvsagt er Amarthya Sen ein framifrå teoretikar. Men nobelprisvinnaren har på sin lange veg til den britiske professortittelen mista ein ting, evna til å puste, puste fritt og uhemma. For dess strammare slipset blir og dess trangare det akademiske nålauget, dess mindre plass får vi til å puste.

Men så er det altså i pusten livet sit, ifølgje grekarane. Og Kiran Bedi. Den vesle, store personlegdomen som var to heile dagar til endes i vårt lille land, og som ingen fann verdig til eit intervju. Den veka stod det berre om Orderud og Arbeiderpartiet i norske aviser.

Dermed forlet Kiran Bedi Oslo like stillferdig som ho kom. For oss som sit tilbake er det godt å vite at vi ikkje treng noko akademisk grad for å puste. Det er heilt gratis. Pass likevel på, for gjer du det intenst og lenge nok, kan det forandre livet ditt. Så ta for all del ikkje for hardt i - i starten - for gjer du det, kan ikkje vi her i NRK svare for følgjene.

Likevel, den som er modig nok kan jo starte med å løyse litt på slipset, sleppe ned skuldrane, frigjere seg frå alt som hindrer - og berre puste…


Av Øystein Rakkenes
NRK P2, laurdag 23. mars 2002
Bearbeida for nett av Mie Sundberg

Siste saker:
Flere saker: ALT OM P2-KOMMENTAREN
Siste saker:

 
Podkast. Ta med deg programmet
50 SISTE NYHETER
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no