skilleBanner kroningsjubileet skille_slutt
Valg 05 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Innenriks > Valg > Valg 2005 Sist oppdatert 14:40
NRK Nyheter
Tlf: 23 04 80 00
Faks: 23 04 71 77
nettnyheter­@nrk.no
Adresse: 0340 Oslo

Publikumsservice
Tlf: 815 65 900
info@nrk.no


Nyhetsredaktør:
Rune Nøstvik
Ansvarlig redaktør NRK.no: Are Nundal

Tips NRK Nyheter:
nyheter@nrk.no
Tips alle nyhets­redaksjonene
Tlf: 23 04 80 00

 

Venstresida mest kommers

Vi har tråla dei beste nettbutikkane for å finne utstyret du treng før valet. Det er den politiske venstresida som har det største utvalet av propaganda.

Publisert 23.08.2005 10:01. Oppdatert 23.08.2005 10:28.
Av Kjetil Malkenes Hovland

Det er kort tid att til valet, og for supporterane er det på tide å ta på seg skjerf og hatt og støtte sitt "lag", anten det er det raudgrøne eller det gulblå, eller kanskje ein av outsiderane. Men det er stor skilnad mellom partia sine propaganda-tilbod.

Arbeiderpartiet sitt raude plasttelt. (foto: dna.no)
Arbeidarpartiet har truleg den største nettbutikken med valprodukt. Her kan du mellom anna skaffe deg eit raudt valkamptelt i plast på 3 gonger 3 meter.

Sel Ap-tatoveringar

Den såkalla "Rosebutikken" tilbyr tatoveringsmerker med Arbeidarpartiet-logo, di eiga Ap-partiklubbe og til og med produkt som serviettar, paraplyar og linjalar.

Du kan også kjøpe Ap-kaffikanner og koppar i plast og papp, samt gjennomsiktige Ap-regnjakker, alt saman med den kjende Ap-logoen, ei raud rose.

Video og musikk

Ap sine nettsider byr også på Henning Kvitnes sin valkampsong for Ap: Hør låten "Rødt" her

SV si fotballdrakt med Halvorsen som nummer 10 (Foto: sv.no)
Du finn ikkje så mange valkampvideoar på Ap sine nettsider, men på AUF sine nettsider finn du videoen av Jens Stoltenberg som "Kaptein Norge": Se videoen her (AUFs nettsider)

Fotballdrakt nr. 10 Halvorsen

Også den raudgrøne kollegaen SV stiller sterkt i kommers-avdelinga. Enkelte T-skjortemotiv ber preg av eit angrepsvillig parti, særleg ei raud fotballskjorte med nummer 10 og "Halvorsen" på ryggen.

I SV-butikken kan du også kjøpe hundrepakningar med SV-ballongar, samt pennar, musematter, ei rekkje ulike klesplagg og til og med ein eigen SV-termos. Val-videoar er det derimot smått med hos SV.

Høgre: Rik på videoar

Der har til gjengjeld konkurrenten Høgre eit brukbart utval. På partiet sine nettsider kan du mellom anna sjå ein skrytevideo frå valkamp-opninga i Oslo, komplett med 80-talshiten "Jump": Sjå Høgre si valkampopning her

Du kan få Erna Solberg som skrivebordsbakgrunn (foto: hoyre.no)
Hos Høgre kan du også studere videoar med meir politisk innhald, mellom anna ein der Jan Petersen seier han tek betre vare på landbruket sine interesser enn Åslaug Haga.

T-skjorter og andre plagg er mangelvare hos Høgre, men du kan laste ned skrivebordsbakgrunnar og skjermspararar med siste nytt frå partiet. Du kan også laste ned mobillogoar med Høgre-motiv, og ein ringetone som ifølgje Høgre har ein "fin liten melodi som er optimistisk, moderne og av høy kvalitet!" Høyr ringetonen her.

Frp tilbyr mobil-logo (foto: frp.no)

Frp manglar T-skjorter

Frp har eple-logoen sin til nedlasting til mobilen, men dei sel ikkje T-skjorter. Dei har også eige web-TV der ein mellom anna kan sjå og høyre Siv Jensen snakke om alkoholavgifter Sjå video her.

KrF har eit bildearkiv på si nettside, men du får verken T-skjorter eller genserar. Du kan laste ned partilogoen på datamaskina di, men ikkje til mobilen. Det er også vanskeleg å spore opp noko form for video på nettsida.

Små parti - få produkt

Sponheim som Che Guevara (foto: vivasponheim.no)
På Senterpartiet si nettside finst det lite å kjøpe. Men der finst eit par reklamefilmar, mellom anna ein der Jon Eikemo fortel om distriktspolitikk. Diverre er nettsida skjemt av ein dundrande lyd av eit hjarte som bankar, sjølv under filmane som du finn på Sp si nettside.

Venstre har lite å by på av video og T-skjorter, men Unge Venstre har ei eiga nettside der du kan bestille skjorter med eit bilde av Venstre-leiar Lars Sponheim som liknar på Che Guevara. www.vivasponheim.no. Unge Venstre står også bak ein omstridd Sponheim-rap: Høyr rapen her.

LO og Ap får sitt på T-skjortene (foto: looseitall.com)

Parodiar på valparolar

Det finst også ikkje-partipolitiske nettstader som tilbyr valmateriell. På ei av dei finn du t-skjorter som parodierer politiske parti, mellom anna "Fuck hele folket" der F-en er Framstegspartiet sin eple-logo, og "LObotomert - stem Ap!" der LO-logoen er framtredande. KrF får også sitt, med eit ølglas der det står "Brygget på fordommer siden 1933".

Frp får sitt på denne T-skjorta (foto: looseitall.com)
Ei av dei fysisk største utgåvene av valgmateriell i år kjem frå LO og ei rekkje andre organisasjonar, som har danna massemarkeringa "Oslo 2005". I samband med denne aksjonen skal to banner på til sammen 242 kvadratmeter henge på Youngstorget 3. september.


LENKER
Hør låten "Rødt" her Henning Kvitnes - "Rødt"
Se videoen her (AUFs nettsider) Jens Stoltenberg som Kaptein Norge
Sjå Høgre si valkampopning her Høgre si valkampopning i Oslo
Høyr ringetonen her Høgre sin ringetone
Sp si nettside Sp si nettside
www.vivasponheim.no www.vivasponheim.no
Sjå video her Sjå Siv Jensen her
Høyr rapen her Høyr rapen her
Siste saker:

 
VALG 2005 - SISTE SAKER
 
 

Stoltenbergs mannskap

Erfaring er stikkordet for Stoltenbergs nye regjering, som presenterte seg for folket på Slottsplassen i Oslo i ettermiddag.

- Alle skal bli vinnere

- I motsetning til tidligere regjeringsforhandlinger, vet vi at vår plattform vil bli norsk politikk. Vi har flertall på Stortinget, sa Jens Stoltenberg.

Rødgrønn åpning i dag

Regjeringskameratene møtes i dag for første gang for å diskutere seg frem til det de har lovet skal bli en ny kurs for Norge.

 
Valg 2005

Hovedside for Valg 05

Valgresultatene

Test din stemme

Sammenlign partiene

Spør partilederne!

Næringspolitisk utspørring

Geir Helljesens valgskole

Partihistorie

Valg-Sudoku

Helljesens vanskelige valg-quiz

Valgfleskspillet

På radio og TV

 

Geir Helljesens valgskole

NRKs valgveteran gir deg et lynkurs i valgkunnskap. Noe du lurer på? Valgskolen finner du her.

Ungdommens drømmeregjering

NRK.no/nyheter har invitert ungdomspartiene til å presentere sin drømmeregjering. Resultatet finner du her!
Fylke for fylke

NRKs valgdekning

Valgkampen på TV, radio og nrk.no.

Partienes historie

Vi leder deg gjennom våre ni største partiers historie.
10 SISTE VALGSAKER
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no