- I løpet av den siste stortingsperioden har det blitt stadig mindre spesialundervisning i skulen, meiner Marianne Grønner, generalsekretær i Dysleksiforbundet.
Av
Siri Gjørtz
- Dette skjer samstundes som talet på elevar i grunnskulen auka kraftig, og det har blitt færre elevar per lærar. Og det har gått ut over dei svakaste elevane, seier Grønner.
Ho meiner at forklaringa mellom anna ligg i ein stram kommuneøkonomi.
|
Utdanningsminister Kristin Clemet (H). |
I morgon fredag skal Kommunenes Sentralforbund KS i møte med Kommunaldepartementet, der dei skal presentere tala som er utarbeidd av teknisk utrekningsutval i KS. Dei skal også diskutere budsjettet for neste år.
Eva Lian i KS seier skulane treng eit kraftig løft om også dei svakaste elevane skal få god nok undervisning. Ho seier at den noverande regjeringa har gjort mykje bra for skulen, men at det er gjort for lite for dei med størst behov.
Talet på elevar i grunnskulen har auka med 19.000, slik at det i snitt er ein halv elev meir på kvar lærar.
Leiar Helga Hjetland i Utdanningsforbundet deler uroa til Dysleksiforbundet. Ho er redd for kva ressurstilgangen vil bety for dei svakaste elevane.
Utdanningsminister Kristin Clemet avviser at regjeringa har gjort mindre for dei svakaste i skulen.
- Det stemmer at det er mindre spesialundervisning, fordi eit samrøystes storting har gått inn for at fleire elevar skal få tilpassa undervisning i den vanlege klassesituasjonen, seier ho. (NRK)