skilleBanner kroningsjubileet skille_slutt
Valg 05 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Innenriks > Valg > Valg 2005 Sist oppdatert 14:40
NRK Nyheter
Tlf: 23 04 80 00
Faks: 23 04 71 77
nettnyheter­@nrk.no
Adresse: 0340 Oslo

Publikumsservice
Tlf: 815 65 900
info@nrk.no


Nyhetsredaktør:
Rune Nøstvik
Ansvarlig redaktør NRK.no: Are Nundal

Tips NRK Nyheter:
nyheter@nrk.no
Tips alle nyhets­redaksjonene
Tlf: 23 04 80 00

 

Kamp om sistemandata i Oppland

I Oppland er det inga tvil om at det blir eit raud-grønt fleirtal. Men kampen om dei to siste-mandata i Oppland må truleg avgjerast mellom Ap, Sp, Frp og Høgre.

Publisert 03.06.2005 11:57.
Av Torvild Sveen

For det er på det reine at sjølv om Arbeidarpartiet gjekk attende til 36,4 prosents oppslutnad ved siste stortingsval, fekk dei framgong i kommunevalet i 2003. Dersom meiningsmålingene skulle halde seg slik dei er i dag, betyr det at Torstein Rudihagen (54) frå Sør-Fron og Berit Brørby (55) frå Jevnaker er garantert å kome attende. Av dei tre som sit frå Oppland Ap i dag, er det berre Haakon Blankenborg som går av. Han ender opp som ambassadør på Balkan.

Sentrale personar

Rudihagen har vore medlem av Finanskomiteen den siste perioda og har vore ein sentral mann i utforminga av partiets økonomiske politikk. Tidlegare har han og vore statssekretær i Samferdsledepartementet under Kjell Opseth.

Brørby kom på 2. plass etter å ha vorte utfordra av AUF-leiar Gry Larsen. Den kampen vann ho, og ho kjem frå eit klassisk industrimiljø på Jevnaker. Frå sin plass i Stortingets presidentskap har ho vore med i utforminga av reformane på Stortinget – og samstundes har ho hatt lokale tillitsverv i Jevnaker Ap. Før dette har ho mellom anna vore leiar av kommunalkomiteen.

Kamp om sistemandatet

Meiningsmålingene tyder på at Arbeidarpartiets opprørs-ordførar, Tore Hagebakken frå Gjøvik, kan kome inn som partiets 3. kandidat. Men i og med at det er lenge att til valet må Hagebakken leve i uvissa. For det er ikkje sikkert at han får plassen, sjølv om han har markert seg sterkt i rikspolitikken i form av ordførar-opprøret mot den sitjande regjeringa. Hagebakken har inntil landsmøtet i 2005 vore medlem av sentralstyret og statssekretær i Sosialdepartementet.

Dårleg for Sp

Senterpartiet har ikkje gjort det bra på meiningsmålingene i Oppland den siste tida. Og trenden har vore negativ sidan Sps brakval i 1993. Ved stortingsvalet i 1997 var det 14,1 prosent som røysta på Sp, medan dei fire år etterpå fekk 12 prosent. Men under dette talet byrjar det å spøke for ein plass.

Difor skal det ikkje dei store omrokkeringene til før Inger Enger frå Gausdal (57) er ute. Frå sin plass i miljø- og energikomiteen har ho dei siste fire åra hatt strevsamme arbeidsoppgåver. Mellom anna var det strid i nominasjonsprosessen, då Hans Seierstad sa han ikkje ville sitje i regjering med Ap og SV. Men det kom ikkje til nokon dragkamp, då Seierstad ikkje vart spurd om han ville stille som motkandidat. Enger har markert seg i høve til utanlandske arbeidarar som ikkje får opphaldsløyve, og ho har engasjert seg i debatten om bruken av nasjonalparkane.

Framover for Frp?

Framstegspartiet vil på si side heilt sikkert kome innatt med Thore A. Nistad (56) frå Gjøvik. Han har vore markant samferdslepolitikar i dei to periodene han har hatt, og vil truleg bli krona med ei tredje periode. Som samferdslepolitikar er det lett å få synlege resultat, slik som pengeløyvinger til ulike vegstrekninger med meir.

Fylkespartiet har likevel aldri lagt skjul på at det er to kandidatar dei ynskjer. Morten Ørsal Johansen frå Raufoss er 2. kandidaten. I dag er han fylkesleiar og medlem av fylkestinget og fylkesutvalet i Oppland. Med sine røter frå industrimiljøet på Raufoss, kan han vere ein stemmesankar i Vest-Oppland. Men det kan og vere ei ulempe at båe representantane kjem frå Gjøvik/Toten-området, så lenge dalføra ikkje har nokon representant blant dei to.
Partiet har trufaste veljarar og ein framgong på landsbasis kan fort auke Frp-representasjonen frå Oppland.

Høgre i fare

Dersom det skulle gå riktig bra for dei tre raud-grøne partia, kan det vere med på å gjere situasjonen utrygg for dagens representant frå Høgre, Olemic Thommesen (49) frå Lillehammer. Og om Frp skulle få større oppslutnad enn no, vil det gjere situasjonen vanskelegare.

Thommesen har vore ein viktig talsperson for kulturpolitikken i Høgre og var talsperson for kulturmeldinga som vart lagt fram av regjeringa. Men lokalpolitisk sett har ikkje Thommessen vore mykje på bana. Difor skal nok Høgre vere glad om dei får halde på den eine plassen dei fekk ved siste val. Audun Blegen frå Raufoss (32), fylkesleiaren i partiet, er nestemann på lista.

SVs faste plass

Ved siste val kom Kjetil Bjørklund (38) frå Torpa, no Biristrand, inn for SV. Viss SV held den posisjonen dei har på dagens meiningsmålinger, er truleg Bjørklund sikra. Bjørklund har vore ein svært sentral mann i politikken. Med sin plass i forsvarskomiteen har han vore ein kritikar av forsvarsminister Kristin Krohn Devold og måten ho har styrt departementet på.

Forsvarspolitikk er det likevel ikkje lett å skåre lokalpolitiske poeng på, men så har da heller ikke SV vore mykje opptatt av dei små lokale sakene ved valet. Eit stortingsval vil i så fall ikkje endre på den politikken.

KrF i motbakke

Rigmor Kofoed-Larsen (61) frå Lillehammer freistar på nytt å kome inn, fire år etter at ho tapte plassen på Stortinget. Likevel har ho vore med sentralt i KrF som leiar av patiet si kvinnerørsle. Det skal likevel halde hardt for at Kofoed-Larsen kjem inn att som representant. I så fall må Bondeviks disiplar gjere det sterkt utover sumaren og hausten. Likevel har ikkje opplendingar lett for å hengje seg på KrF, sjølv om partiet skulle få ein opptur frå dagens posisjon.

Sakene

I haust blir den framtidige sjukehusstrukturen eit tema. Sjølv om sjukehusa ikkje lenger er politikarane sitt gebet, vil det heilt sikkert vere ein kamp om framtidig organsiering og styring av sjukehusa. Det raud-grøne alternativet har fronta at dei vil ha attende politisk styring av sjukehus, men spørsmålet er om dei får stansa den prosessen som no går i Sjukehuset Innlandet.

Arbeidarpartiet vil truleg framleis fronte kommune-økonomien som ein av sine hovudsaker. Med Tore Hagebakken på kampplass for partiet, vil det heilt sikkert bli meir prat om dei dårlege tidene for offentleg sektor.

Samstundes har Oppland ein industri som er avhengig av låg kronekurs og låg rente. Difor skal det godt gjerast frå dei raud-grøne å overbevise om at kursen som regjeringa no har lagt opp til, er feil.

Dagens fordeling


Arbeiderpartiet (3), Høyre (1), SV (1), Sp (1) og Frp (1).

Siste saker:
Siste saker:

 
VALG 2005 - SISTE SAKER
 
 

Stoltenbergs mannskap

Erfaring er stikkordet for Stoltenbergs nye regjering, som presenterte seg for folket på Slottsplassen i Oslo i ettermiddag.

- Alle skal bli vinnere

- I motsetning til tidligere regjeringsforhandlinger, vet vi at vår plattform vil bli norsk politikk. Vi har flertall på Stortinget, sa Jens Stoltenberg.

Rødgrønn åpning i dag

Regjeringskameratene møtes i dag for første gang for å diskutere seg frem til det de har lovet skal bli en ny kurs for Norge.

 
Valg 2005

Hovedside for Valg 05

Valgresultatene

Test din stemme

Sammenlign partiene

Spør partilederne!

Næringspolitisk utspørring

Geir Helljesens valgskole

Partihistorie

Valg-Sudoku

Helljesens vanskelige valg-quiz

Valgfleskspillet

På radio og TV

 

Geir Helljesens valgskole

NRKs valgveteran gir deg et lynkurs i valgkunnskap. Noe du lurer på? Valgskolen finner du her.

Ungdommens drømmeregjering

NRK.no/nyheter har invitert ungdomspartiene til å presentere sin drømmeregjering. Resultatet finner du her!
Fylke for fylke

NRKs valgdekning

Valgkampen på TV, radio og nrk.no.

Partienes historie

Vi leder deg gjennom våre ni største partiers historie.
10 SISTE VALGSAKER
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no