skilleIngrid Alexandra bannerskille_slutt
Toppbanner 2_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Innenriks > Kongehuset > Prinsessebryllupet Sist oppdatert 11:17
Ansvarlige for bryllupssidene:
Tor Berre og Erik Bolstad
Telefon:
23 04 26 43 (Oslo)
73 88 12 00 (Tyholt)
Les gjerne gjennom
før du sender inn spørsmål!

 

Kongeleg feiring i London

Om lag 80 personar var samla i London for å sjå bryllaupet på storskjerm. Foto: Geir Myklebust
Om lag 80 personar var samla i London for å sjå bryllaupet på storskjerm. Foto: Geir Myklebust
Det var stor stemning i sjømannskyrkja i London. Svært mange nordmenn hadde samla seg for å sjå bryllaupet på storskjerm.

Publisert 24.05.2002 19:50.
- Også vi i London har gledd oss til denne dagen. Vi skal jo snart få fleire av kongefamilien flyttande inn i vår kyrkjelyd, så det er ikkje fritt for at vi meiner å vere i ei særleg stilling ein slik dag, fortel Geir Myklebust som er kateket i sjømannskyrkja.

Det er ikkje berre kronprinsparet som kjem til London. 16.juni feirer noverande St. Olavs kyrkje 75 års-jubileum, og då kjem både Kongen og Dronninga på vitjing til London.

Dei fyrste forventningsfulle gjestane kom til sjømannskyrkja allereie i 12-tida.

- Vi sette fram koldtbord slik at det kunne vere litt festmat også her, fortel kateketen i kyrkja. Sjølvsagt må ein ha god mat attåt slike hendingar!

Då sendinga starta var 80 personar samla, og det var nokre som måtte fram med lommetørkledet etter kvart som seremonien skreid fram.

- Det var gripande å lytte til både lesingane og talen, og bileta frå NRK formidla det på ein glimrande måte, skriv Geir Myklebust til oss.

Fleire av gjestane vart sitjande utover kvelden, og kyrkja serverer vaflar og kaffi så lenge det er folk!

Det vart servert koldtbord, kaffi og vaflar til gjestane. Om lag 80 personar var samla i London for å sjå bryllaupet på storskjerm. Foto: Geir Myklebust


Siste saker:

 
Vær med på hele Norges gratulasjon til Märtha og Ari
10 SISTE KONGEHUSET
10 SISTE NYHETER
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no