skilleIngrid Alexandra bannerskille_slutt
Toppbanner 2_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Innenriks > Kongehuset > Prinsessebryllupet Sist oppdatert 11:17
Ansvarlige for bryllupssidene:
Tor Berre og Erik Bolstad
Telefon:
23 04 26 43 (Oslo)
73 88 12 00 (Tyholt)
Les gjerne gjennom
før du sender inn spørsmål!

 

Bryllaupsinteresserte utlendingar

Tåredryppande reportasjar og skandale-oppslag i utanlandske medium om prinsessebryllaupet.

Publisert 25.05.2002 15:37.
Dei fleste store europeiske avisene skriv om prinsessebryllaupet i Nidarosdomen. Artiklane varierer frå svært entusiastiske hyllingar av romantikken i britiske vekeblad, til hårsåre og skandale-orienterte tyske tabloidaviser.

Faksimile frå Aftonbladet

Svenske romanse-spekulasjonar

Dei svenske avisene er mest opptekne av kronprinsesse Victoria og den greske prinsen Nikolaus. Expressen spekulerer i om det er ein romanse på gang, og har publisert ”bilden som hovet försökte stoppa”.

Faksimile frå Expressen.se
- Romans eller inte? Det svenska hovet har agerat för att slippa kändisfotografer och spekulationer. Kronprinsessan Victoria och den grekiske exilprinsen Nikolaus höll sig från varandra i går - men syntes ändå ihop vid ett tillfälle, skriv Expressen i dag.

Les meir: Expressen: Bilden som hovet försökte stoppa

Avisa Aftonbladet frontar bryllaupet i Trondheim med overskrifta ”Här får rebellen sin prinsessa”. Svenske medium er nok meir opptekne av fortida til Ari Behn enn det vi har sett her heime.

- Ari Behn har ju gjort sig känd för sina extravaganta klädvanor med exklusiva kostymer och färgstarka skjortor. Idag var han dock mer konventionellt klädd, i en klassisk stram frack med en enkel blomma på kavajslaget, skriv Aftonbladet om kleda til Ari.

Les meir: Aftonbladet: Här får rebellen prinsessan

Skandale-vinkling i Danmark og Tyskland

Faksimilde frå Bild
Det danske nyheitsbyrået Ritzau hevdar Noreg framleis er i bryllaupsrus. Dei er heller ikkje nådige mot Ari Behn, og skriv om gamle ”skandalehistorier” frå Las Vegas og New York.

- Tidligere har nordmændene ellers svælget mere i specielt Ari Behns fortid. Aviserne har fundet breve, som forfatteren har sendt hjem fra bl.a. New York. Breve, hvor tyskere betegnes som "elendige mennesker, der ikke kan bruges til andet end at spille fodbold". Han fortæller, hvordan han under en fugtig nat i storbyen var med til at urinere på fem tyske marinesoldater, skriv byrået vidare.

Les meir: Berlingske Tidende: Norge i bryllupsrus

Tyske tabloid-aviser er heller ikkje nådige mot ”skandaleforfattaren” Ari Behn. Utsegnene om tyskarar og fortida til Ari blir vigd stor plass i den største tyske tabloidavisa Bild.

- Dei fleste nordmenn meiner det verste med Ari Behn er fortida hans med narkotika og sex-orgier, skriv den tyske tabloiden. Dei skriv òg om korleis han har skjelt ut tyskarar, og hevdar forfattaren har skrive ”Ich scheiße auf alles Deutsche”.

Les meir: Bild: Heute hat die Königs-Tochter ihren Titel weggeheiratet

Den danske kringkastaren DR er heldigvis meir positiv enn Berlingske Tidende og den tyske tabloiden Bild. I TV-avisen (danske Dagsrevyen) hadde dei reportasjar frå folkelivet og den fantastiske stemninga i Trondheim sentrum.

Les meir: DR Nyheder: Prinsessen fik sin forfatter

”Den nye vinen” i Storbtitannia

Faksimile frå BBC News
I kveldsnyheitene i Storbritannia fokuserte BBC på kontroversane kring dei kongelege bryllaupa i Noreg. Dei presenterte Ari Behn som ”the controversial author” og samanlikna mottakinga av Ari Behn med oppstyret kring Mette-Marit i fjor.

BBC tek òg fram gamle historier, og soga om ”den nye vinen” har òg nådd dei britske øyane.

- He was once thrown out of Oslo's most famous café - the Theatre Café - for drunkenly claiming he and his artist friends were "the new wine" and deserved respect.

Les meir: BBC News: Norwegian princess weds author

Det britiske vekebladet Hello! slår på stortromma, med fleire sider om det norske bryllaupet. Dei skriv entusiastisk om kor unikt og spesielt bryllaupet var – like unikt som brureparet, hevdar dei. Britiske vekeblad er røynde kongereporterar, og sparer ikkje på superlativa.

- Subtle smiles graced the faces of the couple – perhaps a combination of excitement, happiness and relief – after they had exchanged rings and prepared to kneel for prayer.

Les meir: Hello!: A deeply romantic royal wedding for Martha Louise and Ari

”Uheldig val av ektemann"

Faksimile frå Hola!
Det spanske systerutgåva til Hello!, skriv òg svært mykje om bryllaupet. Dei er som vanleg langt skarpare i tonen enn media lengre nord i Europa, og kallar mellom anna valet av Ari Behn som ”uheldig”!

- Trass i den sterke kritikken prinsesse Marta Luisa har fått for det uheldige valet av ektemann, og dei auka utgiftene for bystyret og skattebetalarane som vart forårsaka av bryllaupet, har ikkje det norske folket vegra seg for å gå ut i gatene og støtte bryllaupet, skriv mellom anna Hola!

Les meir: Hola!: Boda de Marta Luisa y Ari Behn

Ikkje berre Europa

Det er ikkje berre europeiske medium som skriv om det kongelege bryllaupet. Den australske radio- og tv-stasjonen ABC har òg eit kort telegram frå Trondheim. Dei fortel om den norske prinsessa som gjev opp dei kongelege privilegia sine for kjærleiken.

Les meir: ABC: Norway's Princess Martha loses royal privileges for love


Av Erik Bolstad

LENKER
Siste saker:

 
Vær med på hele Norges gratulasjon til Märtha og Ari
10 SISTE KONGEHUSET
10 SISTE NYHETER
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no