skilleIngrid Alexandra bannerskille_slutt
Toppbanner 2_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Innenriks > Kongehuset > Prinsessebryllupet Sist oppdatert 11:17
Ansvarlige for bryllupssidene:
Tor Berre og Erik Bolstad
Telefon:
23 04 26 43 (Oslo)
73 88 12 00 (Tyholt)
Les gjerne gjennom
før du sender inn spørsmål!

 

Bryllaupsfeiring over heile verda

70 nordmenn var samla på sjømannskyrkja i New York under kronprinsbryllaupet i fjor.
70 nordmenn var samla på sjømannskyrkja i New York under kronprinsbryllaupet i fjor.
Nordmenn over heile verda kjem til å fylgje med på bryllaupet mellom Märtha og Ari i Nidarosdomen 24. mai.




Publisert 21.05.2002 20:23. Oppdatert 21.05.2002 20:28.
SE OGSÅ:
ALT OM:
Mange nordmenn i utlandet er svært interesserte i å fylgje med på bryllaupet, og fleire stader blir det skipa til eigne samlingar på ambassadane og sjømannskyrkjene.

Vaflar og bryllaup i sjømannskyrkjene

Dei norske sjømannskyrkjene i utlandet er faste møteplassar for mange nordmenn. Her kan ein samlast, ete vaflar og høyre siste nytt frå Noreg. Dei fleste sjømannskyrkjene vil halde ope under bryllaupet. Dei stadene ein ikkje får inn NRK1-sendingane på fjernsyn, er videosendingane på NRK.no ein god erstattar.

– Vi hadde stor suksess med videosendingane frå kronprinsbryllaupet i fjor, fortel Yngve Gjørstad ved den norske sjømannskyrkja i New York. I år ynskjer vi å gjenta suksessen, og har bede inn den norske kolonien til bryllaupssending og samling.

Det blir fest i den norske sjømannskyrkja i London. Foto: Sjømannsmisjonen
Sjømannskyrkja i London kjem sjølvsagt òg til å ha bryllaupsfest. I fjor var godt over hundre menneske samla for å fylgje sendingane, og endå fleire var innom kyrkja ein eller annan gong i løpet av dagen.

NRK har òg fått melding om at sjømannskyrkja på Lanzarote kjem til å ha ope hus, og vi reknar med at det gjeld dei fleste andre sjømannskyrkjene. Sjømannspresten i Edinburgh har òg lova at han kjem til å halde ope hus heime hjå seg sjølv for nordmenn i Skottland som er bryllaupsinteresserte.

Buffét i Moskva

Ambassaden i Moskva held òg på med planleggjing av bryllaupet. Dei kjem til å rigge opp storskjerm i ambassaden slik dei gjorde under kronprinsbryllaupet, og ber inn til spleiselag for interesserte nordmenn.

– Vi kjem til å rigge oss til i den store møtesalen i ambassaden, fortel Franck Einar Holstvold. I samband med bryllaupet i fjor tok alle med seg litt mat, og vi fekk til eit brukbart «koldtbord», så vi satsar nok på same opplegget i år òg.

Meir enn 200 nordmenn i Brisbane var samla for å sjå kronprinsbryllaupet i fjor

Når heilt til Australia

Den norske studentklubben i Brisbane i Australia er sjølvsagt òg interesserte i bryllaupet.

Tekniske problem gjer at dei ikkje får vist bryllaupet direkte, men dei satsar på samling i etterkant av bryllaupet med visning av bryllaupsoppsummeringa på storskjerm.

Bryllaupssendingar på NRK.no

Mange nordmenn i utlandet kan ikkje ta inn
I fjor var det storfest i den norske kolonien i Kuala Lumpur i samband med bryllaupet. Dei fylgde NRK-sendingane via internett på storskjerm
sendingane på NRK1. I Europa er fjernsynskanalen NRK International eit godt alternativ, men i resten av verda er videosendingane på NRK.no det einaste alternativet.

Under kronprinsbryllaupet i fjor var det sjåarar frå meir enn 60 land innom bryllaupssidene på NRK.no. Nordmenn i mellom anna Kuala Lumpur, Adis Abeba, Tokyo og Buenos Aires kunne fylgje heile bryllaupet via nettet. Ein del stader hadde vart det arrangert festar med NRK.no-sendingane på storskjerm, og NRK fekk svært mange tilbakemeldingar frå nordmenn i utlandet.


LENKER
Norske ambassadar Les meir om den norske ambassadane i utlandet
Siste saker:

 
Vær med på hele Norges gratulasjon til Märtha og Ari
10 SISTE KONGEHUSET
10 SISTE NYHETER
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no