KrF gjer eit katastrofeval på Utsira. Partiet vert meir enn halvert. Veljarane går til FrP.
Av
Otto Voldsund
Kristeleg Folkeparti har vore det nest største partiet på Utsira. No er KrF nede i 9,2 prosent av stemmene. Det er ein tilbakegang på 11,1 prosentpoeng frå stortingsvalet i 2001.
Samstundes går Framstegspartiet fram. Partiet har den kraftigaste framgangen i kommunen. FrP får 11,5 prosent av stemmene, ein framgang på 7,8 prosentpoeng.
Arbeiderpartiet størst
Arbeiderpartiet går fram også i Utsira. Med 30 prosent er partiet desidert størst og framgangen er på 2,9 prosentpoeng.
Også Senterpartiet, Høgre og Venstre går fram i Utsira. SV går tilbake.
Andre kommune i Rogaland
Opptellinga i Utsira var klar som andre kommune i Rogaland. Utsira vart slått av Kvitsøy. Frammøteprosenten var på 83,9.