Av
Ingvald Nordmarkog
Wenche Lamo Hadland
NRK Rogaland presenterer dei fleste stortingskandidatane i dei større partia gjennom debattar i tv og radio.
Foreløpig er dette rekkefølga:
Tysdag 23.august:
Friskoledebatt mellom Eirin Sund, 2. kandidat (Ap) og Benedicte Thu Nørgaard, 4. kandidat (Høgre)
Torsdag 25. august:
Skoledebatt med utgangspunkt i situasjonen i Sandnes og Karmøy. Deltakarar er Sofus Kjeka, 3. kandidat SV og Bjørg Tørresdal, 2. kandidat KrF.
Mandag 29. august:
Kva skjer med Senterpartiet ¨når dei går i regjeringssamarbeid med SV og Ap?
Magnhild Meltveit Kleppa, 1.kandidat Sp og Gunnar Kvassheim, 1. kandidat Venstre.
Onsdag 31. august:
Bompengedebatt mellom Bent Høie, 1.kandidat for Høgre og Solveig Horne Kolnes, 2. kandidat for Frp.
Torsdag 1. september:
Gasskraft, bra eller dårleg? Debatt mellom Hallgeir Langeland, 1. kandidat for SV og Øyvind Vaksdal, 1. kandidat FrP.
|
Bjørg Tørresdal (Krf), Ingvald Nordmark, Sofus Kjeka SV. Foto: Ole Andreas Bø |
Mandag 5. september:
Kontantstøttedebatt mellom Bjørg Tørresdal Krf og Gjertrud Kjellesvik 2. kandidat SV.
Onsdag 7. september
Industriarbeidsplassane-kva skjer med dei? Tore Nordtun, 1. kandidat for Ap og Siri Meling, 3. kandidat for Høgre.
Torsdag 8. september
Duell om ordførarvervet i nye Vindafjord kommune. Arne Bergsvåg, Senterpartiet og nåverande ordførar i Ølen mot Reidar Håvaas, nåverande ordførar i gamle Vindafjord kommune, som representerer Arbeiderpartiet.
Sendetider
Debattane går i Ettermiddagslokalen på P1, radio, og i 18.40-sendinga på NRK1, TV, desse dagane. Frå torsdag 25. august blir dei også å sjå på den nye 24 timars kanalen på kabel frå Lyse Energi, som NRK-Rogaland byrjar prøvesendingar med nettopp frå 25. august.
|
Eirin Sund, Ap, og Benedicte Thu Nørgaard i den første debatten. Debattleder Ingvald Nordmark. Foto: NRK |