skilleTores Viking-blogg skilleAlt om Nokas-rettssakenskilleVæret i Rogalandskille_slutt
Val 2005 Rogaland 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Rogaland > Valg 2005 Rogaland Sist oppdatert 08:37
 

Store endringar i Rogaland

Valresultatet i Rogaland har lenge vore «høgrevridd». Tradisjonelt kjem både Frp og Høgre sterkare ut av valet i Rogaland enn på landsbasis. Om dette også blir fasit denne gongen gjenstår å sjå, men sikkert er det at regjeringspartia har fått svi i meiningsmålingane.

Publisert 29.06.2005 14:35.
Av Ingvald Nordmark og Siri Bjelland Berven

Basert på den siste meiningsmålinga, presentert i Stavanger Aftenblad den 17. juni, kjem det til å bli store endringar i Rogalandsbenken på Stortinget.

Frp blir den store vinnaren

Solveig Horne Kolnes kan bli ny stortingsrepresentant.
Partiet går frå to representantar sist periode til fire. Faktisk går dei frå ein til fire, for Jan Simonsen blei ekskludert i løpet av perioden. Øyvind Vaksdal er den einaste gjenverande og han får med seg nummer to på lista, Solveig Horne Kolnes.
Den gode meinigsmålinga betyr i tilfelle at Ketil Solvik-Olsen frå Bryne også kjem inn. Til dagleg er han busett i Oslo, der han jobbar som rådgjevar på hovedkontoret til Frp. Han er ung og har internasjonal utdanning innan statsvitenskap og sosialøkonomi frå universitet i USA.
Også Bente Thorsen frå Karmøy kan innstille seg på stortingsplass. Ho er gruppeleiar for det største partiet i Karmøy kommunestyre, men vart verken ordførar eller varaordførar etter kommunevalet for to år sidan. Ein stortingsplass blir i tilfelle eit godt plaster på såret.

Ap går fram

Eirin Sund er fylkesvaraordfører.
Ap har hatt to representantar denne perioden. Dei går fram med ein og får tre. Eirin Kristin Sund er andrekandidat etter Tore Nordtun og er i dag fylkesvaraordførar. Ho har god nasjonal politikarerfaring som politisk rådgjevar i Miljøverndepartementet og som statssekretær i samferdsel i siste Stoltenberg-regjeringa. I tillegg kjem ordførar i Sauda, Torfinn Opheim inn på tinget.

To lærarar frå SV

SV har vanlegvis ikkje gjort det særleg godt i Rogaland, men nå får Hallgeir Langeland frå Jørpeland i Strand kommune, med seg Gjertrud Kjellesvik frå Haugesund. Ho er lærar, som Langeland.

Siri Meling

Siri Meling på veg ut

Høgre derimot får merka slitasjen frå regjeringsmakta. Partiet gjer det vanlegvis godt i Rogaland, men går ned frå tre til to representantar. Det betyr i tilfelle at Siri Meling frå Egersund sklir ut. Ho er på tredjeplass på lista. Bent Høie og Finn Martin Vallersnes fortset på Stortinget.

Dagfinn Høybråten

Partitoppen frå Akershus

Kristeleg folkeparti er det partiet som har fått gjennomgå mest både nasjonalt og i Rogaland. Etter eit godt val for to år sidan fekk dei inn to representantar. Etter at bølgene har gått høgt om både Medhaug-saka og nominasjonen på topp-plass i Rogaland av partileiar Dagfinn Høybråten frå Akershus, får dei nå berre ein representant inn. Det blir Høybråten. Bjørg Tørresdal frå Sandnes, får ikkje sin andre periode, om meiningsmålinga blir det endelege resultatet.

Leiaren for kommunalkomiteen kjem kanskje ikkje inn på Stortinget.

Senterpartiet kan bli utan representant

Magnhild Meltveit Kleppa frå Senterpartiet har vore fast representant på Stortinget frå Rogaland sidan 1993. I 2001 kom ho seg så vidt med på utjamningsmandat. Denne gongen nyttar ikkje det heller, skal me tru meiningsmålinga, men så er det ennå ei god stund igjen til valet.

Venstre fortsatt utanfor

Venstre maktar heller ikkje å koma inn. Sist dei klarte det var i 1997.
Statssekretær hos statsministeren er førstekandidat Gunnar Kvassheim sin nåverande jobb. Han og partiet kan sitje igjen utan både verv og tingplass den 12. september.

Store skular

Dersom skule blir eit heitt tema i valkampen, så kan Sandnes-skulane bli ståande i sentrum. Bykommunen i sterk vekst, slit med økonomien. Derfor blir nye skulebygg utsett og oppjusteringa av dei gamle har blitt forseinka. Det siste året har vore prega av stadig nye meldingar om at tilhøva for elevane i Sandnes ikkje har vore gode nok. Siste forsøket frå politikarane nå er å byggja to skular med plass til bortimot 1000 elevar i kvar. Det blir billegare, men kva med elevane?

Ap vil ha vekk friskulane

Heile fire private aktørar ville tilby privat vidaregåande opplæring i Rogaland frå hausten. Arbeidarpartiet gjekk kraftig ut og sa at dersom det blei raud-grøn regjering frå hausten skal skulane vekk så fort råd er. Høgre på si side vil ha skulane som eit korrektiv og konkurransemoment for dei fylkeskommunale. Resultatet vart at alle fekk etablere seg, men med mange færre plasser enn det dei ville ha. Men debatten går høgt om denne saka.

Bompengar

Rogaland har etterkvart fått svært mange bomstasjonar på vegane. Dette irriterer mange bilistar. Om det blir ei valkampsak er lilkevel ikkje sikkert. Framføre valet for fire år sidan blei det oppretta eit eige parti som skulle kjempa mot bompengar. Det fekk berre 592 stemmer.

Kommuneval i Vindafjord

Rogaland har ellers to kommuneval midt oppe i stortingsvalet. Ølen og Vindafjord skal slå seg saman til ein kommune, som får namnet Vindafjord. Valet på både kommunestyrerepresentantar og ordførar kjem til å pågå same dagen som stortingsvalet, den 12. september.



Siste saker:
Siste saker:

 
VALG 2005 - SISTE SAKER
 
 

Bergsvåg ordfører i nye Vindafjord

Arne Bergsvåg fra Senterpartiet og Ølen blir ordfører i nye Vindafjord kommune.

Kom til feil valglokale

Mange kom til feil valglokale i Sandnes fordi kommunen sparer penger på ikke å sende ut valgkort. Det sier leder for stemmestyret på Trones, Martha Ulvund.

- Langeland må parkerast

SV sin energipolitiske talsmann, Hallgeir Langeland frå Rogaland, må parkerast i neste stortingsperiode. Det seier SV sin stortings-representant i Finnmark, Olav Gunnar Ballo, til avisa Dagens Næringsliv.

 
Valg 2005

Hovedside for Valg 05

Valgresultatene

Test din stemme

Sammenlign partiene

Spør partilederne!

Næringspolitisk utspørring

Geir Helljesens valgskole

Partihistorie

Valg-Sudoku

Helljesens vanskelige valg-quiz

Valgfleskspillet

På radio og TV

 

Rogalansbenken 2005-2009

Her ser du de 13 som skal representere Rogaland på Stortinget de neste fire årene.

Valgdebatter

NRK Rogaland sendte åtte valgdebatter i radio og tv. Her se og høre hva politikerne sa.

15 valglister

15 partier stiller til valg i Rogaland. Her får du navnene på alle som stiller til valg.

Best på nett i valget

Partienes nettsider blir vurdert NRK.no/nyheter har samlet et ekspertpanel for å vurdere kvaliteten på partienes vevsider før valget. Bare tre av partiene får godkjent. To skilte seg ut som klare vinnere.

Hva mener partiene?

Her kan du sammenligne hva partiene mener om de viktigste politiske sakene.

Geir Helljesens valgskole

NRKs valgveteran gir deg et lynkurs i valgkunnskap. Noe du lurer på? Valgskolen finner du her.

Store endringar i Rogaland

Resultata frå vala i Rogaland har lenge vore «høgrevridd». Tradisjonelt kjem både Frp og Høgre sterkare ut av valet i Rogaland enn på landsbasis. Om dette også blir fasit denne hausten gjenstår å sjå, men sikkert er det at regjeringspartia har fått svi i meiningsmålingane.
10 SISTE VALGSAKER
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no