Fire nye år for Gunn Berit Gjerde Gunn Berit Gjerde frå Venstre vert ordførar i Hareid. Det er klart etter at Tverrpolitisk Liste i føremiddag har hatt møte og bestemt at dei står på avtalen dei gjorde med dei andre partia rett etter valet.
Publisert 03.10.2003 12:13. Det har vore misnøye mellom enkelte på Tverrpoltisk Liste med utsegner frå Gunn Berit Gjerde og folk i Venstre før valet måndag møttes dei før å drøfte om dei skulle skifte side slik at Oscar Grimstad vart ordførar i staden.
Men no i føremiddag stadfestar Anders Rise at dei står på avtalen som sikrar Gjerde attval i fire nye år.
|