skilleRadio på nettskilleLes om oss!skilleTopp promo Sportskille_slutt
valg_more_romsdal-3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Møre og Romsdal > Val 2003 Møre og Romsdal
Valg 2003
Alt om valg 2003.
Alt om valget i ditt distrikt:
NRK MØRE OG ROMSDAL I LYD OG BILETE
Siste nytt frå distriktskontora i NRK NRK Finnmark NRK Troms NRK Nordland NRK Trøndelag NRK Møre og Romsdal NRK Hedmark og Oppland NRK Sogn og Fjordane NRK Hordaland NRK Rogaland NRK Sørlandet NRK Østlandssendingen NRK Østfold NRK Buskerud, Telemark og Vestfold Siste nytt frå distriktskontora i NRK Siste nytt frå distriktskontora i NRK
 

Ordføraravklaring i fleire kommunar

Arne Dyrhol frå Høgre held fram som ordførar i Sande.

Det er klart etter at Høgre, Frp, KrF og Arbeidarpartiet har inngått eit valteknisk samarabeid.

Publisert 22.09.2003 06:34. Oppdatert 22.09.2003 12:03.
Kjell Martin Vikene frå Arbeidarpartiet blir varaordførar.

Sp-kontroll i Surnadal

I Surnadal får Senterpartiet både ordføraren og varaordføraren også dei neste fire åra.

Bergsvein Brøske held fram som ordførar.

Ny varaordførar blir Jenny Elisabeth Klinge, og begge representerer altså Senterpartiet.

4.kandidat blei ordførar

Ronny Harald Blomvik frå Framstegspartiet blir ny ordførar i Sula.
Blomvik sto på fjerdeplass på Frp-lista, men listetoppen Hallstein Skår ville ikkje ta ordførarjobben.

Oddbjørn Øien frå Høgre blir vararordførar.

Sandø ny i Averøy

For første gong i kommunen sin historie får Arbeidarpartiet ordføraren i Averøy.

Det er Kjell Magne Sandø som blir ny ordførar, og med Kristen Leithe frå Framstegspartiet som varaordførar.

Dei to partia er i lag med Høgre samde om ei politisk plattform for den neste fireårsperioden.

Høgre i Herøy

Arnulf Goksøyr frå Høgre blir ny ordførar i Herøy etter Svein Gjelseth frå Arbeidarpartiet.

Varaordførar blir Bjarne Kvalsvik frå Folkelista.

Framstegspartiet, som gjorde eit godt val i Herøy, er med i fleirtalsgrupperinga og får to representantar i formannskapet.

Framleis Høgre i Stordal

Charles Tøsse frå Høgre blir ny ordførar i Stordal.

Tøsse tar over etter Olav Bratland, som og representerer Høgre.

Jonas Falck frå Framstegspartiet blir ny varaordførar.

Siste saker:
Flere saker: ALT OM VALGET 2003

Start fleskespillet Start valgtesten Ta valgskolen
Det store valgfleskspillet
 

Spill valgfleskspillet

Bli med kokken Tor ut på leting etter valgflesk. Ikke la deg snakke rundt av Carl I. & Co!
LES OM VALET I KOMMUNEN DIN

Nytt firma leverer valgdata

I år skal valgresultatene leveres av firmaet ErgoEphorma. For første gang skal ikke IBM stå for leveringen. Det knytter seg stor spenning til omleggingen.

Valgkamp à la Kalvø

Det mest populære innslaget i NRKs siste folkemøte var uten tvil valg-oppsummeringen til Are Kalvø og Espen Beranek Holm.

- Friskulen eit angrep på busetjingsmønsteret

- Friskulen er eit angrep på busetjings-mønsteret! Det sa Kristin Sørheim frå Senterpartiet i skuledebatten i valsendinga frå NRK Møre og Romsdal onsdag. Se valgsendingen
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no