Kristiansund Volleyballklubb slo Randaberg 3-2 i kvartfinalen i NM, og er klar for semi-finalen. Men sigeren hang i ein tynn tråd, seier trenar Øystein Lian.
Tre jamne sett
Stavanger laget vann dei to første setta, før nok eit jamnt sett bikka i heimelaget sin favør.
Fjerde settet vann Kristiansund klart, før det starta dårleg i det femte og avgjerande settet.
Men Randaberg byrja å rote, og då avgjorde KVBK til slutt til sin fordel.
Cupen er open
|
Øystein Lian |
- Både serving og blokking var til tider for dårleg, seier Lian.
Han gir likevel ros til laget, og til dei som kom inn og erstatta to-tre faste spelarar som ikkje var med.
Ein av favorittane, Tromsø, blei slått ut i sin kvartfinalekamp, og Lian meiner difor cupen er heilt open.
I semi-finalen blir Koll motstandar for KVBK.
I volleyball-NM for kvinner blir Koll motstandar også for Blindheim.
Både Kristiansund og Blindheim får heimekamp, og kampane skal spelast helga 11.-12.desember.