skilleRadio på nettskilleLes om oss!skilleTopp promo Sportskille_slutt
Toppbanner Møre og Romsdal sport 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Møre og Romsdal > Sport NRK Møre og Romsdal Sist oppdatert 14:08
VÊR
TRAFIKK
Siste nytt frå distriktskontora i NRK NRK Finnmark NRK Troms NRK Nordland NRK Trøndelag NRK Møre og Romsdal NRK Hedmark og Oppland NRK Sogn og Fjordane NRK Hordaland NRK Rogaland NRK Sørlandet NRK Østlandssendingen NRK Østfold NRK Buskerud, Telemark og Vestfold Siste nytt frå distriktskontora i NRK Siste nytt frå distriktskontora i NRK
 
SØK LOKALT PÅ:
 
 

André Nevstad legg opp

Hødd-kaptein André Nevstad sluttar som fotballspelar. Midtbanespelaren grunngir avgjerda med at det har tatt mykje tid og krefter å vere både spelar og dagleg leiar i Hødd, og at han no ønskjer å bruke meir tid på familien.

Publisert 23.11.2004 10:30. Oppdatert 23.11.2004 12:13.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Hjelp | Mer lyd og video
ALT OM:
Nevstad, som har vore den beste spelaren i 1.divisjonsklubben fleire sesongar, hadde også tilbod frå Aalesunds Fotballklubb. Nevstad held fram som dagleg leiar i Hødd.

Nevstad har i dag sendt ut følgjande pressemelding:

Eg har som kjent vore i den berømte ”tenkeboksen” dei siste vekene. Det er ikkje alltid enkelt å ta avgjersler, og i dette høve har det vore vanskelegare enn nokon gong.

André Nevstad (Foto: Arne Flatin)
Aalesunds FK har gitt meg ei utfordring og stor tillit ved å tilby meg kontrakt for dei to neste sesongane. For meg er dette ei stor tillitserklæring, og ikkje minst har det vore både overraskande og hyggelig at både spelarar og supporterar har sendt meg tekstmeldingar om at dei veldig gjerne ynskjer å sjå meg i den oransje drakta komande sesong. Utfordringa med Tippeligaspel, Nye Color Line Stadion og det å bli fotballspelar på heiltid er ikkje lett å takke nei til. Men eg har valt å gjere det likevel. Eg veit at eg med denne avgjerda går glipp av mange store opplevingar på høgaste nivå i Norsk fotball. Men det blir verst for meg sjølv. Berre for å ha sagt det, avgjerda handlar ikkje om økonomi eller noko i den retning. Eg har følt meg veldig ønska på alle mulige måtar, og klubben har gitt eit svært godt inntrykk. Eg takkar for tilliten, og ynskjer Aalesunds FK lukke til vidare.

Årsaka for min avgjersle er rett og slett at eg har ei sterk klubbkjensle og eit stort Hødd-hjerte. Eg har sidan 1999 fungert både som spelar og dagleg leiar i Hødd, og det ville nok skapt enkelte utfordringar at BÅDE spelaren og den daglege leiaren blei borte på same tid. Men eg er ikkje i tvil om at klubben hadde løyst desse utfordringane på ein utmerket måte. Når eg likevel har valt å bli i Hødd er det fordi eg i enda større grad ynskjer å bidra til at klubben skal utvikle seg vidare, både i et breidde- og toppfotballperspektiv. Hødd er ein klubb med mange flotte og dyktige menneske, som har skapt ein unik fotballkultur som få andre tettstader i landet kan vise maken til. Vi har de siste 40-åra vist at sjølv med begrensa ressursar kan skape gode fotballspelarar og et lag som hevder seg blant de 20 beste i landet. I tida framover har vi både utfordringar og muligheiter som vi i fellesskap skal løyse på ein best mulig måte. Eg skal gjere min del for at klubben skal lykkast med dette.

Men for at eg skal kunne gjere dette, må eg også velje bort noko, og det betyr at min fotballkarriere har kome til vegs ende.

I forhold til min totale situasjon har det aller meste av tida gått med til jobb og trening. Det har vore fantastisk lærerikt og ikkje minst utfordrande, men også i periodar svært krevjande med 11-12 timars dagar på Høddvoll, veke etter veke. Det har blitt lite tid med kona og dei to jentene våre. Når eg no har valt å slutte som spelar, vil eg få betre tid til familien og samtidig få betre føresetnadar til å gjere ein best mulig jobb som dagleg leiar i Hødd. Kanskje tek eg C-kurs i løpet av neste vår, kanskje kan eg tenke meg å bli trenar ein gong i framtida? Tida får vise.

Eg har hatt 17 fantastiske sesongar som seniorspelar. Debuten i Hødd kom i 1988 og har vidare resultert i 560 A-kampar og mange flotte opplevingar. Det har gitt meg enormt mykje og eg er takksam for alt eg har fått være med på alle desse åra. Fikk også 2 sesongar i Molde FK der høgdepunktet var Cupfinalesiger i 1994.

Til slutt vil eg takke alle mine trenarar for alt dei har gitt meg desse åra, mine medspelarar som alle har lært meg mykje og gitt meg alle desse gode opplevingane. Takk også til motspelarar for tøffe duellar, publikum for god støtte, dei frivillige entusiastane som står på for klubben i med og motgong og ikkje minst supporterklubben Blåsarane som gir ALT for Hødd.

Eg skal vedgå at det ikkje er noko lett val å gi opp den aktive fotballkarrieren, langt i frå, det er knalltøft. Men ingen er som kjent uerstattelige, og eg er overbevist om at Hødd fortsett skal være et lag å regne med i norsk toppfotball.

Mine utfordringar i den samanheng vil ligge utanfor den grøne matta, men dei ligg framleis i Hødd!

Cryuff-vending frå
André Nevstad

Siste saker:
Flere saker: ALT OM HØDD

 
10 SISTE FRÅ NRK MØRE OG ROMSDAL
5 SISTE SPORT FRÅ NRK MØRE OG ROMSDAL
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no