Hareide hadde to år igjen av kontrakten med Rosenborg, men startar formelt som landslagssjef frå årsskiftet. Hareide har ein avtale om å trene landslaget i fire år.
Har vunne fleire titlar
Som klubbtrenar har Åge Hareide vunne titlar med både Molde, Helsingborg, Brøndby og Rosenborg.
Hareide starta si karriere som spelar i Hødd før han kom til Molde. Han blei seinare profesjonell i engelske Manchester City og Norwich.
Som trenar vann han sin første tittel då Molde slo Lyn i cupfinalen i 1994. Hareide blei tilsett som trenar i Rosenborg før sesongen 2003, og i sin første sesong som Rosenborg-trenar vann han både seriegull og cup.
Letta og glad
Hareide er svært letta og glad etter at det no er klart at han blir landslagstrenar. Hareide sa først nei til landslaget etter å ha hatt samtalar med Noregs Fotballforbund. Desse samtalane skapte reaksjonar fordi leiinga i Rosenborg ikkje fekk vite om det. Hareide meinte det blei vanskeleg å forlate Rosenborg etter berre ein sesong.
Men mange spådde at Hareide likevel kom til å seie ja, og etter mykje fram og tilbake svarte Hareide at han ville trene landslaget. Hareide har vore skulda for vingling, og utfallet har vore lite populært blant Rosenborg sine tilhengarar. Fleire kommentatorar har og meint at Hareide er svekka som landslagssjef fordi han ikkje har vore tydeleg.
Må skaffe seg oversikt
Hareide seier han no må skaffe seg ein oversikt over kva spelarar som er disponible, og kva spelarar som ønskjer å spele for landslaget. Fleire har sagt nei til landslagspel, mellom anna Ørjan Berg som har spelt under Hareide i Rosenborg. - Ørjan Berg er ein veldig god fotballspelar, seier Hareide, men den nye landslagstrenaren har ikkje noko tru på at Berg kjem til å spele for landslaget.
Tre millionar i året
Åge Hareide får ei årsløn på omlag tre millionar kroner når han frå nyttår blir landslagssjef i fotball.
Ifølgje VG er det omlag ein million kroner meir enn han har hatt som trenar for Rosenborg.
Fredag drar Hareide til Frankfurt for å vere til stades under trekninga til VM i Tyskland 2006.