Hødd klarte berre 2-2 mot Skeid i 1.divisjonsoppgjeret på Høddvoll i går. Hødd-kaptein Andre Nevstad meiner laget sløste bort sigeren.
Skeid tok leiinga etter noen få minutt av kampen, men Hødd slo tilbake. Først scora Stig Haugland og deretter ga Pål Stadsnes Hødd leiinga 2-1 med ei scoring i 19. minutt.
Skeid utlikna etter omlag ein halv time av kampen, og Hødd klarte ikkje å score fleire mål.
Kaptein Andre Nevstad meiner Hødd ga bort sigeren fordi laget sløste for mykje med sjansane. Dette har og vore eit problem i fleire kampar tidlegare i sesongen, men ikkje på heimebane, seier Nevstad.
Hødd er no femte sist i 1.divisjon og har brukbar avstand til nedrykksplassen. Det er dei fire siste laga i 1.divisjon som rykkar ned. Hødd-kaptein Andre Nevstad trur Hødd berger plassen, men då må laget vinne fleire av dei fem kampane som står igjen.