Målskårar for Hødd var Dag Roar Ørsal, som skåra på straffe sju minutt før slutt.
- Det var litt feriepreg over spelet, men vi bør vere fornøgd med at vi får med oss eit poeng i denne kampen, seier Aasland Riise.
Dette var også debutkampen for keeper Øystein Vik Myklebust, som gjorde ein bra innsats. No skal laget trene for fullt, og prøve å kome seg opp til det nivået som dei var på før ferien.
- Vi skal nok vere godt budde når vi møter Raufoss om ei veke, seier Hødd-trenaren.