skilleRadio på nettskilleLes om oss!skilleTopp promo Sportskille_slutt
Toppbanner Møre og Romsdal sport 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Møre og Romsdal > Sport NRK Møre og Romsdal Sist oppdatert 14:08
VÊR
TRAFIKK
Siste nytt frå distriktskontora i NRK NRK Finnmark NRK Troms NRK Nordland NRK Trøndelag NRK Møre og Romsdal NRK Hedmark og Oppland NRK Sogn og Fjordane NRK Hordaland NRK Rogaland NRK Sørlandet NRK Østlandssendingen NRK Østfold NRK Buskerud, Telemark og Vestfold Siste nytt frå distriktskontora i NRK Siste nytt frå distriktskontora i NRK
 
SØK LOKALT PÅ:
 
 

Televik 300 A-kampar

Hødd-veteranen Geir Televik spelar sin kamp nummer 300 for klubben frå Ulsteinvik i cupen midt i veka. Televik har vore plaga med skade igjen, men var på bana då Hødd spelte 2-2 mot Fredrikstad søndag.

Publisert 05.05.2003 13:06. Oppdatert 05.05.2003 13:27.

Frå Tornado

Geir Televik debuterte for Hødd i 1993-sesongen. Han kom frå Måløy-klubben Tornado. Han spelte for Hødd fram til og med 1996-sesongen før han var to år i Molde for det meste som innbyttar. I 1998 vart han utlånt til Hødd i ein fem-kamparsperiode, og i 1999 var han tilbake i klubben. Mot slutten av den sesongen der Hødd rykte ned var han også utlånt til Aalesunds Fotballklubb.
Det vart aldri ein permanent overgang til rivalen i byen, og Televik har etablert seg i Hødd-trøya for godt. Ifjor hadde han ein av sine aller beste sesongar.

Ryggskade

Ein ryggplage har trua fotballkarrieren til 31-åringen, og sette han ut av laget i opningskampane i 1.divisjon i år. Men mot FFK søndag var han på plass igjen. Dersom ryggen ikkje har slått seg vrang igjen spelar Televik sin A-kamp nr. 300 for Hødd i cupkampen onsdag på Høddvoll.

Storscorar

Geir Televik har tatt toppscorartittelen i klubben fire gongar, seinast i fjor. Han vart toppscorar i 1993, 1995, 1996 og 2002. PÅ sine 299 A-kampar har han scora heile 147 mål for klubben.







Siste saker:
Flere saker: ALT OM HØDD
Siste saker:
Flere saker: ALT OM SUNNMØRE

 
10 SISTE FRÅ NRK MØRE OG ROMSDAL
5 SISTE SPORT FRÅ NRK MØRE OG ROMSDAL
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no