|
Hødd tapte for gullvinnaren - prøver mot sølvvinnaren tysdag |
I ein treningskamp i fotball fredag kveld tapte Hødd 3-1 for Rosenborg. Magnus Myklebust sendte Hødd opp i leiinga etter eit kvarter, men Rosenborg kom tilbake med tre skåringar.
Ifølgje rapportane spelte Hødd ein god kamp, og heldt godt følgje med RBK i ein time.
RBK pungterte ikkje kampen før fem minutt før slutt, då det blei 3-1.
Tysdag skal Molde og Hødd spele treningskamp.