OVERSIKT NYHETER SPORT MUSIKK UNDERHOLDNING FILM LITTERATUR MAT BARN UPUNKT
NRK Religion og livssyn

Her er du: NRK > Fakta > Religion og livssyn

Oppdatert 02.04.2002 13:03

RELIGION OG LIVSSYN

 

Ei himmelsk røyst frå Norheimsund

Publisert 07.08.2001 11:06

Åsne Valland Nordli er ein liten tur heime i Norheimsund etter ei intens helg med konsertar på Telemarkfestivalen i Bø. Men snart reiser ho attende til gatebarna i Romania.

(NPK):
-Dei siste åra har eg arbeidd meir og meir med dei
religiøse folketonane. Det er songar eg syng med hjartet, seier Åsne Valland Nordli.

Med himmelsk balsam

I vår kom Åsne Valland Nordli med plata «Himmelske balsam og sødeste drue«, ei plate med salmar av Daniel A. Buli frå Aust-Agder.

-Eigentleg kom ideen frå Sigbjørn Tveite i plateselskapet
Via Music. Eg kjenner han frå Kirkelig Kulturverksted som gav ut dei to tidlegare platene mine, «Den ljose dagen« og «Julekvad«. Tveite meinte at salmane til Daniel Buli ville vere noko for meg,
seier Åsne.

-Buli, som var fødd i 1820, skreiv over 470 salmar, og som
ung opplevde han stor fattigdom. Dette er tekstar som eg lett kan setje meg inn i, fordi eg opplever så mykje naud i kvardagen min.

Hjelpearbeid i Romania

I over tre år har Åsne og mannen hennar budd i byen Constanta i Romania, der dei arbeider for organisasjonen Ungdom i oppdrag.

-Me driv humanitært arbeid blant gatebarn og gamle. Etter
overgangen frå planøkonomi til marknadsøkonomi, har desse
gruppene falle heilt igjennom. Og stadig fleire ungar trekkjer ut på gata.

-Driv de misjonering i Romania?

-Eg vil ikkje kalle meg misjonær. Det handlar mest om å
vere ein kristen i kvardagen, og me vil ikkje dytte vår eigen kultur på andre. Romania er eit kristent land med gudfryktige folk, og me arbeider saman med pinsevenner i lokalmiljøet. Etter kvart ønskjer me at dei sjølve skal overta hjelpeprosjekta, seier Åsne.

Frivillige tenarar

Ho fortel at Ungdom i oppdrag har 15.000 frivillige medarbeidarar i 132 land. Åsne og mannen hennar livnærer seg ved at familie og venner støttar dei økonomisk.

-Hjelpeprosjekta blir finansiert av gåver frå private og frå
bedrifter, fortel ho.

Familien har bestemt seg for å vere to år til i Romania,
men då skal dei heim.

-Me har to små barn, og dei må få lov til å bli norske. Det
er viktig at barna får slå rot i Noreg, og at dei blir trygge på sineigen bakgrunn og identitet, meiner Åsne.

Store kulturkontrastar

Åsne er i Noreg fem-seks gonger i året for å halde konsertar. Ho fortel at det ofte er ei hard påkjenning å skifte mellom to ulike kulturar på kort tid. Ho snakkar varmt om rumenarane, som er veldig imøtekomande og opne. For Åsne er det menneska i Romania som er det aller viktigaste nett no.

-Eg lever veldig intenst, så det blir lite tid til musikk der nede. Dei siste åra har nok musikken vore meir ein hobby for meg. Men eg har eit sterkt ønskje om å lære meg rumensk folkemusikk før eg flyttar heim, seier kvedaren frå Norheimsund.
(NPK)


 
 
SØK

Banner brobyggerne 140
Banner andakten 140
Banner på kirkebakken 140
Banner gudstjenesten 140
Banner TV-gudstjenesten 140
Høyrebanner_livssyn_på_tv
RELIGIØSE SØK

10 SISTE RELIGION OG LIVSSYN
25.03.2002 10:35
Brevvennen i Shangzhou
23.11.2001 09:39
Savner medmenneskelighet
29.08.2001 10:53
Hele verden synger
22.05.2001 13:14
Avholdsmann i fotballrus

Copyright NRK © 2001   -  Telefon: 815 65 900  -   E-post: info@nrk.no   -   03.01.2009 08:23