skilleUnderholdning: Monsen (trippel)skille_slutt
Borettslaget 2006 3_1
Her er du: NRK.no > Programmer > TV > Borettslaget
 

Knalldebut for Borettslaget

Tre av fire fjernsynssjåarar fylgde Robert Stoltenbergs gamle og nye figurar i Tertitten borettslag då dei nye episodane i Borettslaget hadde premiere laurdag.

Publisert 07.03.2006 12:18.
av Hans T. Wiig

- Dette synest eg er morosamt og det er meir enn eg venta. Sjåartala er kjempebra. Eg blei også veldig glad for dei gode meldingane, seier Robert Stoltenberg.

Størst del

Gjensynet med Narvestad, Ruth, Linda, Ali og dei andre som bur i Tertitten borettslag blei ein stor suksess. Drygt 1,2 millionar sjåarar såg første episode på NRK1 laurdag 4. mars. Dette gav ein marknadsdel på 75,8 prosent, som inneber at fleire enn tre av fire som såg fjernsyn laurdag fylgde livet og røra i burettslaget. Dette er den største marknadsdelen i prime-time, utanom sport og nyhende, så langt i 2006.

Nytt blod: Nikolay og crewet hans, som har flytta til Tertitten for å oppleve det harde livet i Oslo øst, er nykomarar i Borettslaget


- 1,2 millionar er mange sjåarar i utgangspunktet. Men på laurdagskvelden er det eit par hundre tusen færre fjernsynssjåarar totalt enn fredagen. Det viser at talet er endå sterkare enn det er i reine tusen, seier medieforskar Kristian Tolonen i NRK.

Slitesterkt

Den første episoden blei også godt mottatt av fjernsynsmeldarane. Tom Stalsberg i Dagbladet gir Stoltenberg terningkast fem:

”Replikkene og dialogene er varierte og små smykker uten de store faktene”. Stalsberg meiner at Stoltenberg klarte å gjenskape suksessen han hadde med den første runden av Borettslaget, og litt til.

Jan Ovind i VG var litt meir atterhalden og delte ut ein firer, men kallar Stoltenbergs persongalleri for ”den moderne tids urbane nesten-Aukrust-figurer”. Ovind meiner at personane i serien ikkje har utvikla seg stort sidan førre runde, men seier samstundes at det ikkje gjer noko fordi serien inneheld typar vi likar.

Aftenpostens Per Haddal gir den nye serien fem, og skriv i si melding: ”Stoltenberg, hans gode hjelpere samt en litt strammere regi gjør dette komiske universet slitersterkt.”


 
Test deg selv
10 SISTE BORETTSLAGET
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no