Søndagsavisa, nyhetsavdelingas helgemagasin, har tid og rom til å gå bak og inn i nyheitene, og kan spela på alle ressursar i NRK-Nyheter, inkludert korrespondentnettet.
SE OGSÅ: |
|
 |
ALT OM: |
|
Søndagsavisa er ikkje berre dagsaktuell, den tek også for seg kultur, politikk, historie og trendar som ligg og vaker i tida. Og prøver alltid å dra fram enkeltpersonar som evnar å formidla interessante og spennande synspunkt.
Søndagsavisa vil nå eit allment interessert publikum i beste folkeopplysningsånd, men har også romsleg plass for nysgjerrige sideblikk, humor og den gode kuriositet.
Vi er heller ikkje redde for å pirka borti flokete spørsmål om havet, døden og kjærleiken. Og den store meininga.
Så det er berre å slå på NRK P2 kl 11, kvar søndag.
Send ein e-post til redaksjonen i
Søndagsavisa.