Høyr andakten 14/7.
Tidligere andakter
Teksten er henta frå 1. Peters brev 2, 4-10.
God morgon!
Det må seiast, også i ein andakt, ja nettopp i denne andakten at det er lett å irritere seg på dei religiøse. Av alle slags religionar, men her handlar det for skams skuld om dei kristne, dei kristelege.
Kven trur dei at dei er, desse sjølhøgtideleg gode truande? Det osar av dei lang veg, at dei skal vere så mykje betre enn andre folk. Og er ikkje nettopp det dei kallar sine heilage skrifter, fylt av dette oppblåste sjølmedvitet som nærer seg på tanken om forskjellen, forskjellen til andre folk?
Høyr berre her i dagens tekstord frå 1. Peters brev kap. 2 korleis forfattaren kan tiltale sine adressatar:
”Men de er ei utvald ætt, eit kongeleg presteskap, eit heilagt folk som høyrer Gud til, så de skal forkynna hans storverk, han som har kalla dykk ut or mørker til sitt underfulle lys. ”
Kven var dei menneska som desse orda først var retta til? Dei var ikkje nett sett opp til av folk rundt seg. Dei er truande med fare for livet sitt. Dei blir forfølgde på grunn av si tru, berre det å kalle seg kristen blir sett på som eit brotsverk av majoritetssamfunnet. Dei lever i små kyrkjelydar i vesle-Asia og er offer for baktaling og falske klagemål. Marginaliserte, ville vi kalla dei i dag, dei lever i ytterkantane av samfunnet sitt.
No blir dei i 1. Peters brev oppmoda og oppmuntra til å leve eit myndig, klart og tydeleg liv. Dei skal ikkje undre seg over den eldsprøva dei må igjennom. Dei skal tene samfunnet dei tilhøyrer. Og får dei problem på grunn av at dei kallar seg kristne, skal dei ikkje fortvile, ikkje skamme seg, men ta imot sine eigne lidingar som var det Kristi lidingar.
Slik var det den gongen. Og no? Både Gud og folk veit at kristne kan vere svært irriterande, og mange gonger fullt ut fortene å bli kritiserte som farisearar og moralistar. Men i dag, på fredag før Apostelsøndagen, skal det vere lysande klart at ingen blir innlemma i Guds kongelege presteskap for å blåse seg opp.
Kom til Gud og la han elske fram det mennesket han skapte deg til.
Kom til Jesus, den levande steinen, heiter det i tekstordet vårt – kom og bli sjølv ein levande stein, eit levande og truande menneske. Som ikkje bles seg opp over nokon eller noko. Som ikkje let seg diktere av folkemeininga. Men tek ansvaret for livet sitt og hentar kraft til å leve frå Kongen.
Det er godt og kristeleg, kongeleg liv.
Vil du skrive e-post til Geir Gundersen, kan du gjøre det her.
* * * *
Vi høyrer Sigvart Dagsland syngje frå si eiga plate - ”Djube spor”.