Høyr andakten 13/7.
Tidligere andakter
Teksten er henta frå Fil. 2, 1-5.
God morgon!
Mor Ester, fred vere med minnet hennar, hadde ei lei tendens, syntes vi borna. Ho overdreiv omsorgen for andre. Når heimehjelpa skulle kome og stelle huset for den gamle dama, gjekk ho ikkje på byen. Ho sto tidleg opp for å vere klar med kaffe og kaker. Og med følgjande spørsmål til hjelparen sin: ”Korleis har du det?”
Det spørsmålet lengtar vi etter at nokon skal stille, og heimehjepa svara, og tida gjekk. Når hjelpearbeidet var over, hadde mor brukt opp sine krefter i staden for å spare dei. Vi refsa henne etter tur, men då lynte det i hennar mørke brune augo. ”Kom ikkje og fortel kva som er til mors beste. Eg vil sjøl rå over livet mitt og bestemme kva eg skal bruke kreftene mine til!”
No ser eg klarare på saka. Visst kunne mor overdriva omsorgstenesta. Men først og fremst var ho eit menneske som hadde sagt farvel til ein annen tendens, den til ustanseleg å felle domar over andre sitt liv. Ho hadde tømt hjartet for småligheit og dømmesjuke. Og det frigjorte rommet vart heilt naturleg fylt til randa av det motsette, av interesse for andre, ja beint fram av kjærleik, særlig til dei som strevde med livet sitt.
Tekstordet vårt er henta frå Paulus sitt brev til filipparane. Det er ein tekst fylt til randa av ømheit og kjærleik til dei menneska Paulus skriv til. Han skriv frå ei fengselscelle, men her er det lite oppstuss om hans eigen situasjon. Paulus er så fri i si ånd at han kan vere heilt til stades hos sine adressatar.
Språket hans renn over av alt det gode hjartet er fylt av: stor glede, stor takksemd. Og ei einaste lysande klar bøn:
”at kjærleiken i kyrkjelyden må vekse, at den”, seier Paulus, ”må bli rikare på dømmekraft og skjøn. Gjer mi glede fullkomen”, ber Paulus:
”Ver samlyndte, hald saman i kjærleik, ver eitt i hug og tanke. Gjer ikkje noko av sjølhevding eller lyst til tom ære, men ver audmjuk og set dei andre høgare enn dykk sjølve.”
Der dømmesjuken går ut, kan kjærleiken gå inn. Der det kritiske blikket bleiknar, kan auget fyllast med livgivande interesse for andre. Innanifrå, innanifrå. For vi kan berre gi vidare det vi har teke imot. Og vi kan berre elske når vi veit at vi er elska.
Herre, forbarme deg over mitt harde hjarte.
Vil du skrive e-post til Geir Gundersen, kan du gjøre det her.
* * * *
Vi høyrer Elias Akselsen syngje ”O, Jesus du som fyller alt i alle”.