p1 Andakten 3_1
Her er du: NRK.no > Programmer > Radio > Andakten Sist oppdatert 13:17
 

Geir Gundersen: Den miskunnsame dommaren

I Blå Kors hjelper vi kvarandre med å kome laus frå rusavhengigheit eller andre nedbrytande vaner. Sjølforakt og dom over oss sjøl er djevelsk, det er den som fører i fortapinga, så vi misser vårt liv, seier Geir Gundersen.

Publisert 12.07.2006 06:00. Oppdatert 20.07.2006 10:35.

Høyr andakten 12/7.

Tidligere andakter

Teksten er hentet fra 1. Kor. 4, 1-5.

God morgon!

Det er underleg. Vi feller dommar over andre og trur at vi tryggjer vår eigen posisjon MED DET. Men når vi ser VI nærare etter, oppdagar vi sjølbedraget og forstår at dømmesjuken flyt ut av det redde hjartet og nærer seg på menneskefrykta.

I dagens tekstord møter vi eit menneske som har gjort ei større oppdaging, som har funne glede og tryggleik i vissa om at dommen, dommen høyrer Herren til.

Paulus veit kven har er og kvifor han lever. Han har fått ei oppgåve frå Gud og difor seier han i 1. Kor 4:

”for meg har det ingenting å seie om eg vert dømd av dykk eller av nokon domstol i det heile. Ja, eg dømer ikkje meg sjøl eingong. Rett nok veit eg ikkje av å ha gjort nokon urett, men dermed er eg ikkje frikjent. Herren er den som dømer meg. Døm difor ikkje før tida, før Herren kjem. Han skal føra fram i ljoset det som er løynt i mørkret, og avsløra det menneska ber i hjarta.”

”Evige, allmektige Gud” – ba vi i kyrkjene sist søndag –”du som er ein rettferdig og miskunnsam dommar, hjelp oss så vi ikkje er dømmesjuke og smålege, men ber over med kvarandre i kjærleik. ”

Ja vi ba om meir enn det: ”Syn oss korleis vi skal hjelpe kvarandre fram mot den dagen då vi skal gjere rekneskap for livet vårt.”

Det er eit skifte eg kan anbefale av eiga erfaring. Å bytte ut redsla for menneske med tilliten til Gud, å slutte å la seg drive hit og dit av andre menneske sine oppfatningar –og satse det heile på Gud. Å bytte ut bilete av Gud som ein lunefull herskar med biletet av Han som ser alt; som det er umogeleg å gøyme seg for og som elskar mennesket i alt Han ser.

Det er enormt frigjerande å bytte ut alle dommarane utanfor meg og inni meg, med den rettferdige og miskunnsame dommaren som har elska meg fram til livet.

I Blå Kors arbeider vi med å hjelpe kvarandre med å kome laus av krefter som bind, det vere seg rusavhengigheit eller andre nedbrytande vaner. I dette arbeidet lærer vi kvar dag at det er sjølforakta og dommen over oss sjøl som er djevelsk, det er den som fører i fortapinga, så vi misser vårt liv.

Så difor, til alle som lengtar etter fastare grunn under føtene, til den som vil bli fri frå indre anklager og ytre krenkingar: legg saka di i Herrens hand, den elskande og skapande dommaren. Det er vegen til eit sjølstendig liv.

Vil du skrive e-post til Geir Gundersen, kan du gjøre det her.

* * * *

Vi høyrer Kristin Reitan syngje ”Gud når du til regnskap kaller”.


LENKER
Siste saker:

SISTE ANDAKTER

Flere andakter (arkiv fra 2001 fram til i dag)

 

Nettradio

Morgenandakt i opptak

10 SISTE ANDAKTER
Flere andakter
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no