Høyr andakten 10/7.
Tidligere andakter
Teksten er henta frå Jesaja 40, 1-5.
God morgon!
Ein dag, tidlig om morgonen, slik som no, samla folket seg om Jesus utanfor tempelplassen, så han kunne undervise dei.
Det blir ei undervising som kling gjennom alle tider.
Dei skriftlærde og farisearane kjem til Jesus med ei kvinne, dei stiller henne fram, står det. ”Meister, denne kvinna har dei kome over medan ho gjorde ekteskapsbrot. Moses har sagt oss føre i lova at slike kvinner skal steinast. Kva seier no du?”
Kjære tilhøyrar, gå inn i denne scena, still deg i flokken rundt Jesus og kvinna og smak og kjenn dei skriftlærde sine mørke hensikter.
Jesus bøyer seg og skriv på jorda med fingeren. Så reiser han seg og seier: ”Den av dykk som er utan synd, kan kaste den første steinen på henne”. Han bøyer seg ned att og held fram med å skrive på jorda. Han skriv og skriv medan plassen tømmest for folk. Dei går ein etter ein, dei eldste først. Han skriv til han står att aleine med kvinna.
Kva skriv Jesus? Det får vi aldri vite. Jesus skrift i sand er og blir ei gåte. Kanskje, dette er min fantasi nett no, kanskje skriv han for seg sjøl, kanskje skriv han det han er til for, kanskje skriv han desse orda dagens tekstord frå profeten Jesaja, kap. 40:
”Trøysta, trøysta mitt folk, tala mildt til Jerusalem, rop til henne at striden hennar er enda, at skulda hennar er kvitta.”
Det er i alle fall det han gjer. Trøyster, talar mildt til eit menneske som ligg nede i livsens strid. ”Kvar er dei kvinne? Var det ingen som dømde deg?” ”Nei Herre, ingen,” svara ho. Då seier Jesus, og undervisinga hans kling gjennom alle tider: ”Då dømer ikkje eg deg heller. Gå bort og synda ikkje meir”.
Slik er den guddommelege trøysten. Heilt fri for fordøming. Heilt fri for romantisering av det syndefulle livet. Heilt frisk, så det trøysta mennesket får ny lyst til å leve og leve sant.
Min Gud, Jesus, min bror. Eg er og eit menneske som treng trøyst, som treng å høyra at mi skuld er betalt, som treng ny kraft til å leve sant. Lat meg få bli eit teikn i di skrift. Skriv deg Jesus på mitt hjarte, du min Herre og min Gud.
Vil du skrive e-post til Geir Gundersen, kan du gjøre det her.
* * * *
Vi høyrer Oslo Domkor med salmen ”Skriv deg Jesus på mitt hjerte”.