p1 Andakten 3_1
Her er du: NRK.no > Programmer > Radio > Andakten Sist oppdatert 13:17
 

Kari Veiteberg: Midtsommar

Grokraft og grøde. Eg vil gå inn i den lysaste dagen og natta med desse minneorda frå bønefelleskapet Iona- ei øy på vestkysten av Skottland. Det er ei bøn om skaparverket, om korleis det vi sansar og ser vitnar om Gud, seier kari Veiteberg.

Publisert 23.06.2006 06:00. Oppdatert 03.07.2006 08:36.

Høyr andakten 23/6.

Tidligere andakter

Teksten er henta frå Lukas 3,15-22.

I namnet åt Skaparen, Frigjeraren og Livgivaren. Amen.

Det er midtsommardagen, den lengste dagen i året. Dagen vert også kalla St. Hanssaftan eller jonsok (jonsvaka) som minnedag for Johannes døyparen, son til Elisabet og Sakarja. I gamle dagar var dette ein festdag som mange stader berre kunne måle seg med jula. Dei fleste tradisjonane er konsentrert til kvelden før – og natta til – jonsokdagen. Jonsoknatta var ei viktig våkenatt, med valfart til heilage stader, nattmesser og vaker i kyrkjene.

Det er seks månader til jul og som Johannes døyparen sjølv sa det om forholdet mellom seg og Jesus: ”Du skal vokse, eg skal avta.” Sånn er året innretta også: Frå denne dagen begynner sola å snu, og det blir mørkare igjen. Om seks månader er det solsnu i gjenn, då går det mot lysare tider. Johannes og Jesus, sit der på kvar sin solnsnu.

Dei fleste jonsokskikkane er knytta til grokraft og grøde, vern av liv og livskaping. Det er ikkje tilfeldig at jonsokknatta framfor andre, var natta ein kunne få vite kven ein blei gift med: Ein legg jonsokblomar under puta, og vil så drøyme om ho eller han ein kjem til å verte gift med.

På Vestlandet var det og vanlig å ha liksombryllaup mellom vaksne eller barn denne dagen.

Grokraft og grøde. Eg vil gå inn i den lysaste dagen og natta med desse minneorda frå bønefelleskapet Iona- ei øy på vestkysten av Skottland. Det er ei bøn om skaparverket, om korleis det vi sansar og ser vitnar om Gud.

”Herre Kristus, det er ingen blomst på bakken som ikke forteller om din skjønnhet, eller liv på landjorden som ikke forkynner din godhet. Det er ingen fugl på vingene, ingen stjerne på himmelen, ingen ting under solen som ikke er fylt av din velsignelse. Herre Kristus, opplys min forstand. La meg få se ditt nærvær over alt.”

Vil du skrive e-post til Kari Veiteberg, kan du gjere det her.

* * * *

Vi høyrer svenske Real Group som syng ”I denna ljuva sommarstid”.


LENKER
Siste saker:

SISTE ANDAKTER

Flere andakter (arkiv fra 2001 fram til i dag)

 

Nettradio

Morgenandakt i opptak

10 SISTE ANDAKTER
Flere andakter
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no