p1 Andakten 3_1
Her er du: NRK.no > Programmer > Radio > Andakten Sist oppdatert 13:17
 

Kari Veiteberg: Det øvste galleriet

Det sit djupt i oss, å sortere folk og sette nokon øvst og andre nedst. Eg treffer mange som har vakse opp med å høyre at ”ein ikkje er noko”, ”ikkje er verdig nok”. Så trur ein det til slutt, seier Kari Veiteberg.

Publisert 21.06.2006 06:00. Oppdatert 03.07.2006 08:38.

Høyr andakten 21/6.

Tidligere andakter

I namnet åt Skaparen, Frigjeraren og Livgivaren. Amen.

Eg var innom kyrkja i Røros. Der såg eit eit kyrkjerom som verkeleg manifesterte makt og klasseforskjellar. Fremst i eigne losjar, sat rikingane. Så var det galleri oppover veggane. Til det øvste galleriet var det direkte passasje utanfrå.

Dei som sat der oppe skulle resten av menigheten nemleg få sleppe å sjå på! Kven skulle sitte der? Jo ”lausaktige jenter og menn som hadde forbrutt seg”. Dei måtte snike seg opp dit utanfrå.

Mot slutten av Det nye testamentet finn vi eit lite brev på 5 – 6 sider, skrive av ein som presenterer seg som Jakob. Vi les ikkje langt før vi merkar eit glødande engasjement og ein iver etter å formane oss som les. Høyr berre frå det andre kapitlet:

”Mine sysken, de kan ikkje tru på vår Herre Jesus Kristus, herlegdomens Herre, og samtidig gjera forskjell på folk. Set at det kjem to menn inn i forsamlinga dykkar – den eine i staselege klede og med gullring på fingeren, den andre fattig og i skitne klede. 3 Då legg de merke til han i dei staselege kleda og seier: «Kom hit og finn deg ein god plass!» Men til den fattige seier de: «Du kan stå der», eller: «Set deg her ved føtene mine!» 4 Har de ikkje då skapt eit skilje mellom dykk? ”

For et par hundre år sidan var det kyrkjeplikt. Plikt å gå i kyrkja. Og kom ein inn i ei kyrkje som Røroskyrkja, blei enn fort minna på kva ein var verd. Det gjaldt for dei fleste kyrkjeromma i landet vårt: Faste plassar etter rang og stand. Eg tenkjer at interiøret i Røroskyrkja syner kyrkje- og statsmakt stikk i strid med den visjonen av kristendom og det kristne fellesskapet Jesus snakka om. Det meiner brevskrivaren Jakob og, og det dette evangeliet handlar om.

”Her er ikkje jøde eller grekar, her er ikkje træl eller fri, her er ikkje mann og kvinne. For de er alle ein (=likeverdige) i Kristus Jesus. ” (Gal. 3:28)

Eg trur det er viktig at vi minner kvarandre om dette, om og om igjen, også denne morgonen. For det første: Gud ser på oss menneske med andre auge enn det vi menneske har ein tendens til å gjere. For det andre: Og i kyrkja fins det misbruk av makt. Enno. Lat oss heile tida vere på vakt!

Det sit djupt i oss, å sortere folk og sette nokon øvst og andre nedst. Eg treffer mange som har vakse opp med å høyre at ”ein ikkje er noko”, ”ikkje er verdig nok”. Så trur ein det til slutt. Det er klart det gjer noko med ein, å få tilvist plass øvst oppe på galleriet slik at dei andre ikkje skal sjå deg.

Lat oss be om å få nye augo i dag: Sjå rundt med eit blikk utan fordommar. Eg vil og be om at alle skal få erfare at dei ER noko, særleg dei som ikkje føler det, - som har blitt tråkka på.

Vil du skrive e-post til Kari Veiteberg, kan du gjøre det her.

* * * *

Vi høyrer Carola syngje ”Blott en dag”.


LENKER
Siste saker:

SISTE ANDAKTER

Flere andakter (arkiv fra 2001 fram til i dag)

 

Nettradio

Morgenandakt i opptak

10 SISTE ANDAKTER
Flere andakter
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no