p1 Andakten 3_1
Her er du: NRK.no > Programmer > Radio > Andakten Sist oppdatert 13:17
 

Kari Veiteberg: Finna ørsmå hol i dagen

Stemmer gir stemning. Om litt høyre vi tonen: Vemodig gladheit, sørgmodig og glad på same tid. Ein salme er til for å synge. Songen er sosial, ein syng ut, gjerne saman med andre, seier Kari Veiteberg.

Publisert 20.06.2006 06:00. Oppdatert 03.07.2006 08:38.

Høyr andakten 20/6.

Tidligere andakter

Teksten er henta frå Salme 62, 6-13.

I namnet åt Skaparen, Frigjeraren og Livgivaren. Amen.

Ein salme er til for å syngjast og eg blir så glad når eg ”eg-et” i songen treff meg, og når gud som songen vender seg til, trer fram som ein gud det er godt å vende seg til. Eg finn dei både hos Grundtvig, Blix og Lina Sandell. Men så, for eit par år sidan, kom det på eit ark ein ny ein. Ein ny salme som gir mot til å leve og mot til tru.

Teksten er skriven av Heidi Strand Harboe og melodien er gjort av Carl Petter Opsahl. ”Bortom tid og rom og tanke”, er ein salme som treff på så mange strenger. Det er ein salme kor Gud og livet vert skildra Kristus-nært OG når det er tungt.

Mange av salmane i Det gamle testamentet målber slik trøyst og tillit, men så fins det og ei stemme på Bryne som for ein ti års sidan meisla ut desse orda. Ord til å synge. Ord til å gå inn i:

”Bortom tid og rom og tanke finst ein stad der alt er annleis, finst ein stad der alt er heilagt, finst ein stad der Kristus er.

Ei i kyrkjelyden fortel om korleis ho med denne songen kjem unna smerta eit stund, kjem liksom bak og vert fri, samtidig som ho vert halden fast i livet:

”Nær min trøyte, redde tanke”.. nær min draum, min lengt, min styrke, nær mitt liv og alt eg lever, det er godt å vera der.

Ei anna fortel meg at ho likar bilete om ”hol”, at det fins lommer av annsleisheit, og kanskje fred:

”Gjennom ørsmå hol i dagen, får eg venda mine tankar, ta eit lite steg til sides,..”

”Når eg pustar, når eg tenkjer, når eg ler, og når eg sørgjer.

Finna ørsmå hol i dagen som gjer Kristus sterk og nær.

Jesus, ver i mine dager, i alt liv som kjem mot meg. Ver i mine glade timar, mine skjelvande sekund.

La meg leva sterkt og nakent. Våga sjå og våra høyra. Våga leva midt i livet. Våga trå på heilag grunn”

Ein salme er til for å synge. Songen er sosial, ein syng ut, gjerne saman med andre. Det er godt å syngje strofar som både sett ord på noko som eg veit er sant og at eg kan bruke munn og stemmeband og kropp samen med andre. Stemmer gir stemning. Om litt høyre vi tonen: Vemodig gladheit, sørgmodig og glad på same tid.

Vil du skrive e-post til Kari Veiteberg, kan du gjere det her.

* * * *

Vi høyrer  Linn Korssjøen syngje ”Bortom tid og rom og tanke”. Heidi Strand Harboe har laga tekst, medan Carl Petter Opsahl står for melodien.


LENKER
Siste saker:

SISTE ANDAKTER

Flere andakter (arkiv fra 2001 fram til i dag)

 

Nettradio

Morgenandakt i opptak

10 SISTE ANDAKTER
Flere andakter
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no