p1 Andakten 3_1
Her er du: NRK.no > Programmer > Radio > Andakten Sist oppdatert 13:17
 

Kari Veiteberg: Dei som vert hugsa ved namn

Det er til deg eg må gå for å få vite kva tru og kva kristendomen handlar om. Det er ikkje eg som skal fortelje deg, du har noko å sei meg. Poenget, verkar det som, er at vi faktisk går glipp av noko – om vi berre er innkroknei oss sjølve, seier Kari Veiteberg.

Publisert 19.06.2006 06:00. Oppdatert 03.07.2006 08:39.

Høyr andakten 19/6.

Tidligere andakter

Teksten er henta frå Lukas 16,19-31.

I namnet åt Skaparen, Frigjeraren og Livgivaren. Amen.

God morgon, mitt namn er Kari. Eg vil tru at du som eg, likar godt å bli hugsa med namn. Eg ser det kviknar til når eg nemner vedkommande med namn og eg legg og merke til skuffelsen når eg seier feil namn, eller rett og slett ikkje hugsar det. Det gjer godt å bli hugsa med namn.

”Det var ein rik mann som kledde seg i purpur og fint lin og levde i fest og luksus dag etter dag. Men ein fattig mann som heitte Lasarus, låg utmed porten hans full av verkjesår. Hundane sleikte såra hans.”

Det er Jesus som fortel, og vi kan merke oss: Her får vi namnet på eit fattig menneske. Den rike i purpur og fint lin veit vi ikkje kva heiter. Er det ikkje som regel omvendt? Kjenner vi ikkje kvar og ein av oss så alt for godt namna på alle dei rike. Dei lyser mot frå bladhylla og fyller TV-skjermen. Dei fattige, tiggarane og utlendingane: Svært ofte møter vi dei i flokkar, namnlause. Ein mann ligg utmed porten, full av verkjesår. Lasarus heiter han. Han har heit namn.

I forteljinga om Lasarus så skjer det plutselig noko. Det som er i ein draum, og det er ein god draum for Lasarus: Før låg han sulten med verkjande sår rett på bakken. NO ligg han plutselig mjukt og trygt på Abrahams fang. Den rike går det ikkje godt med. Han går frå frå oveflod til pine. No – i himmelrik- prøver den rike mannen å nærme seg Lasarus. No seie han navnet hans og ber om hjelp. MEN det er for seint.

Eg syns denne forteljinga er ubehageleg. For mange i denne delen av verda hadde vore behageleg om Jesus hadde sagt noko anna. Men det gjer han ikkje. Så, kva gjer eg so med dette? Blir eg lamma og motlaus?

Kven er du Lasarus? Kva vi du seie meg? Eg er overbevis om at Jesus har fortalt på denne måten med hensikt. Den fattige har fått namn – fordi han ikkje ER kvensomhelst. Han har eit namn. Og ikkje eit kva som helst, namn heller. Veit du kva Lasarus betyr? Det betyr: ”HAN SOM GUD HJELPER.”

Lasarus: Det er til deg eg må gå for å få vite kva tru og kva kristendomen handlar om. Det er ikkje eg som skal fortelje deg, du har noko å sei meg. Poenget, verkar det som, er at vi faktisk går glipp av noko – om vi berre er INNKROKNE i oss sjøl.

Vi kan gå ut i verda i dag, og tenkjer at VI FÅR NOKO ved å møte den andre. Den andre med namn.

Vil du skrive e-post til Kari Veiteberg, kan du gjere det her.

* * * *

Vi høyrer Siri Leirvik i gruppa Vadested syngje ”Under Guds vern”.


LENKER
Siste saker:

SISTE ANDAKTER

Flere andakter (arkiv fra 2001 fram til i dag)

 

Nettradio

Morgenandakt i opptak

10 SISTE ANDAKTER
Flere andakter
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no