Høyr andakten 1/6.
Tidligere andakter
Teksten er henta frå Esek. 11, 19-21.
Eit hjarte av stein – det er vel trolla i eventyra som har det. Og når sola skin på dei, sprekk hjartene . Det harde, kalde kjem til syne.
Eit hjarte av stein, - det er ingen av oss som vil ha det.
Mjuke, brennande hjarte vil vi ha! Hjarte som har engasjement og varme. Hjarte som bankar for dei som lid urett. Hjarte som gled seg med dei glade, og som gret med dei som har tunge dagar. Hjarte som vil fred og kjærleik.
Hjarte som lengtar etter Gud. Som kjenner Gud.
Esekiel les vi om i Det gamle testamentet. Han var ein profet; ført i eksil til Babylon saman med folket sitt. Det var ei straff frå Gud over folket som hadde vendt seg frå han. Dei ville ikkje lenger kjenne sin Gud. Dei hadde vendt seg til gudane som lova lykke og rikdom og kort profitt. Dei som ikkje gav noko attende, men var tome skal.
Folket var fortvila i fangenskap. Og hjartene deira hardna til og vart kalde. Dei såg ikkje noko håp, ingen framtid, ingen veg ut av trældomen.
Men Esekiel kjem med trøyst frå Gud. Han ser håp for folket sitt. Han ser at Gud vil kjennast ved dei likevel, sjølv om dei har vendt seg bort. Sjølv om hjartene er kalde:
Då vil eg gje dei eit nytt hjarta og la dei få ei ny ånd. Eg vil ta steinhjarta ut or kroppen deira og gje dei eit kjøthjarta i staden. Så skal dei fylgja mine føreskrifter og ta vare på mine lover og leva etter dei. Dei skal vera mitt folk og eg vil vera deira Gud.
Eit nytt hjarte og ei ny ånd! Ein heilt ny start på livet vårt med Gud, og livet vårt med kvarandre. Det var trøystande ord til fangane i Babylon. Men det er også ord til oss: Brennande hjarte og Guds ånd mellom oss. Det skal kjenneteikne vårt liv med kvarandre; som medmenneske, som kristne.
Bankande hjarte. Hjarte som vil fred og kjærleik. Hjarte som lengtar etter Gud, han som seier: Dei skal vera mitt folk og eg vil vera deira Gud.
Vil du skrive e-post til Ragnhild Jepsen, kan du gjøre det her.
* * * *
Vi høyrer "Velt alle dine veier" med Oslo Gospel Choir.