p1 Andakten 3_1
Her er du: NRK.no > Programmer > Radio > Andakten Sist oppdatert 13:17
 

Ragnhild Jepsen: Tale for livet

Jesus såg kva dei trengte. Han gav dei ord til trøyst. Han fortalde dei om kjærleiken som bind Gud til menneske – som ikkje let seg rokke ved, uansett kva som møter oss av medgang og motgang; av glede og sorg, seier Ragnhild Jepsen.

Publisert 30.05.2006 06:00. Oppdatert 03.07.2006 08:53.

Høyr andakten 30/5.

Tidligere andakter

Teksten er henta frå Joh. 17, 18-26.

Ein tale for eit liv. Viss du skulle halde den - kva skulle den innehalde?

Då Jesus skulle reise frå læresveinane sine, visste han at det var det dei trengte: Ein tale for eit liv. Så han tala til dei om fred og fellesskap.

Dei var menneske som oss. Dei skulle greie seg på eigenhand. Dei trudde dei skulle leve utan Jesus.

Men Jesus såg kva dei trengte. Han gav dei ord til trøyst. Han fortalde dei om kjærleiken som bind Gud til menneske – som ikkje let seg rokke ved, uansett kva som møter oss av medgang og motgang; av glede og sorg.

Han fortalde at Gud ville gje dei ein del av seg sjølv, så dei aldri skulle vere åleine.

Så dei alltid hadde ein å gå til når dei kjende seg motlause eller glade.

Han kalla det ”Talsmannen” – ein som finn ord når våre ord ikkje strekkjer til. Når vi ikkje har ord. Ein som møter oss med kjærleik når vår kjærleik er hindra av erfaringar, historie, stolthet.

Ein som ber - med oss og for oss – når vi sjølv ikkje har mot eller vilje eller krefter til å be. Jesus bad oss om å vere eitt.

Difor gav han oss Talsmannen - Gud i blant oss. Han som viste oss at verda er meir enn menneske, og mennesket meir enn sin eigen tale, som diktarpresten Kaj Munk ein gong sa det.

Jesus visste at vi treng ord for eit heilt liv. Han som var Ordet, er blitt vårt Ord. Det som bind oss saman.

Jesus bed: Som du har sendt meg til verda, har eg sendt dei til verda. Eg helgar meg for dei, så dei óg skal helgast i sanninga.

Eg bed ikkje berre for desse, men for alle dei som gjennom deira ord kjem til å tru på meg

Far, eg vil at dei du har gjeve meg, skal vera hos meg der eg er, så dei får sjå min herlegdom, den du har gjeve meg fordi du elska meg før verda vart grunnlagd.

Rettferdige Far, verda kjenner deg ikkje, men eg kjenner deg, og desse veit at det er du som har sendt meg.

Eg har kunngjort namnet ditt for dei og skal kunngjera det, så den kjærleiken du har hatt til meg, kan vera i dei, og eg sjølv kan vera i dei.

Vil du skrive e-post til Ragnhild Jepsen, kan du gjøre det her.

* * * *

Vi høyrer "Du Far og herre, du som rår" med Odd Nordstoga.


LENKER
Siste saker:

SISTE ANDAKTER

Flere andakter (arkiv fra 2001 fram til i dag)

 

Nettradio

Morgenandakt i opptak

10 SISTE ANDAKTER
Flere andakter
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no