p1 Andakten 3_1
Her er du: NRK.no > Programmer > Radio > Andakten Sist oppdatert 13:17
 

Ragnhild Jepsen: Kva er fred?

I helsinga som alltid møter oss når vi kjem til Guds hus, er det ord om fred. Det er eit ynskje for oss at vi skal kjenne den freden som berre Gud kan gje. Det er vakre ord, men ikkje tome ord. Livet vårt blir no aldri heilt fredfullt. Til det er det altfor mangfaldig, seier Ragnhild Jepsen.

Publisert 29.05.2006 06:00. Oppdatert 03.07.2006 08:54.

Høyr andakten 29/5.

Tidligere andakter

Teksten er hentet fra Salme 133, 1

Ein definisjon ville kanskje vere å seie at fred- det er fråver av krig.

Foreldre med små barn vil seie at fred, - det er dei timane om kvelden når barna er i seng, og stillheten legg seg over huset etter hektisk leiking og aktivitet.

Mange i Noreg vil seie at fred, - det er å høyre rislinga frå bekken eller suset i trekronene i skogen, og at ein kjenner seg i pakt med naturen.

Vi er heldige viss vi kan la det vere vår definisjon av fred! Verda ropar etter fred! Det er så mange konfliktar, så mykje øydelegging, så mange rop om at våpna må leggast ned. Vi vil fred, men vi veit at over alt i verda er det menneske som kvar dag må kjempe mot ufreden.

I vårt land er det også mange som lengtar etter fred. Fred med Gud. Fred med kvarandre. Fred med seg sjølv. Lengten etter fred er kanskje den som ligg aller djupast i hjartet vårt.

Éin fred er det berre ein som kan gje:

I helsinga som alltid møter oss når vi kjem til Guds hus, er det ord om fred. Det er eit ynskje for oss at vi skal kjenne den freden som berre Gud kan gje:

Guds fred. Det er vakre ord, men ikkje tome ord. Livet vårt blir no aldri heilt fredfullt. Til det er det altfor mangfaldig.

Livet utfordrar oss kvar einaste dag, på ulike måtar - praktisk og følelsesmessig. Du kjenner det i ditt liv, - eg i mitt.

Men Guds fred er større enn vi kan fatte. I Guds fred kan vi overgje oss og finne kvile; vi kan få vere oss sjølve slik vi er skapte til å vere; med gråt og tårer, latter og glede.

Vi er skapte til fred. Det eldgamle ordet frå salmisten i det gamle testamentet vitnar om det vi veit med oss sjølve.

I salme 133 står det:

Sjå, kor godt og fagert det er når brør bur fredeleg saman.

Guds fred skal bli vår fred. Jesus sa det sjølv til læresveinane sine før han skulle forlate dei:

Fred etterlét eg dykk; min fred gjev eg dykk. Eg gjev dykk ikkje fred på same måten som verda gjer det. La ikkje hjartet dykkar uroast, og ver ikkje motlause.

Så er det fint å helse dykk denne dagen med orda om nåde og fred:

Nåde vere med dykk og fred frå Gud vår Far og Herren Jesus Kristus!

Vil du skrive e-post til Ragnhild Jepsen, kan du gjøre det her.

* * * *

Vi høyrer "Fred det er eit fagert ord" sunget av Bodø Domkor.


LENKER
Siste saker:

SISTE ANDAKTER

Flere andakter (arkiv fra 2001 fram til i dag)

 

Nettradio

Morgenandakt i opptak

10 SISTE ANDAKTER
Flere andakter
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no