p1 Andakten 3_1
Her er du: NRK.no > Programmer > Radio > Andakten Sist oppdatert 13:17
 

Jon Ådnøy: Å be og å få

Å oppleva svar på bøn, handlar mykje om kva auge som ser. Å forstå at eg er velsigna, dreier seg mykje om tru. Å vita at avsendaren er Gud, har mykje å gjera med livstolking. Å sjå livet som Guds gode gåve, det er livskunst, seier Jon Ådnøy.

Publisert 24.05.2006 06:00. Oppdatert 03.07.2006 09:21.

Høyr andakten 24/5.

Tidligere andakter

Teksten er henta frå Matt. 7,7-12.

God morgon. Jesus brukar store ord i bibelteksten i dag: "Bed, så skal de få." Det der høyrest flott ut, innanfor eit religiøst språk. Verre blir det om eg trekkjer orda inn i det vanlege livet mitt. Kva tid fekk eg sist svar på bøn? Korleis kan eg vita at avsendaren er Gud?

Ein tollar, som sette si ære i å gjera jobben skikkeleg, undrast over ein mann som kom gåande over grensa med seg enn ei tom trillebår. Han hadde ingenting å fortolla, sa han.

Det same gjentok seg gong etter gong, og tollaren ble først forviten, seinare irritert. Trillebåra var absolutt tom. Det var ingenting inni handtaka. Hjulet var tomt. Mannen hadde ingenting i lommene, ingenting sydd innanfor fôret i kleda, ingenting i skosolane.

Til sist blei tollaren pensjonist. Då spurde han trillebårmannen: - Eg lovar å ikkje fortelja det vidare. Men nå må du seia meg kva det er du smuglar! - Trillebårer, kviskra mannen. Tollaren hadde med falkeblikk sett etter narkotika, sprit, tobakk. Så oppsett var han på desse tinga, at han ikkje oppfatta det som faktisk skjedde rett framfor nasen på seg. Kva tid fekk eg sist svar på bøn? Korleis kan eg vita at avsendaren er Gud?

Det handlar mykje om korleis eg ventar at Guds finger skal visa seg. Eg venta ein sveip av ein engleveng, men så var det naboen som gav meg eit smil. Eg håpa på eit teikn i skyene, og så stod Guds utfordring til meg i ein avisartikkel om ungdommar i nærområdet mitt.

Eg bad om manna frå himmelen, og så var det ein kompis som inviterte på kveldsmat. Å oppleva svar på bøn, handlar mykje om kva auge som ser. Å forstå at eg er velsigna, dreier seg mykje om tru. Å vita at avsendaren er Gud, har mykje å gjera med livstolking.

Å sjå livet som Guds gode gåve, det er livskunst. Jesus seier: "For kvar den som bed, han får; og den som leitar, han finn; og den som bankar på, for han vert det opplate" (Matt 7, 8).

Vil du skrive e-post til Jon Ådnøy, kan du gjere det her.

* * * *

Vi høyrer ”Bønn” fra siste plata fra Lars Bremnes.


LENKER
Siste saker:

SISTE ANDAKTER

Flere andakter (arkiv fra 2001 fram til i dag)

 

Nettradio

Morgenandakt i opptak

10 SISTE ANDAKTER
Flere andakter
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no