Høyr andakten 22/5.
Tidligere andakter
Teksten er hentet fra Fil. 4, 4-9
"Alt"
God morgon.
Paulus skriv i brevet til filipparane i det fjerde kapitlet: "Legg alt de har på hjarta fram for Gud i bøn" (Fil 4,6).
Og det opnar pakken med det som er tema for andaktane denne veka: Å be. Og det høyrest jo så rett ut: Leggja alt eg har på hjarta fram for Gud. Men for mange menneske er det der med å be ikkje så enkelt å snakka om. For mi bøn er ei personleg sak, seier dei. Noko for privat til at eg ikkje snakkar høgt med andre om det. Og det ville kjennast direkte upassande å be høgt, så andre hørte det.
Like beklemmande kan det kjennast om andre menneske brettar ut sjelelivet sitt i bønene sine, med utanforståande til stades. Dei mest private bønene høyrer heime i løynkammeret - det er den plassen som er løynd for andre enn meg og Vårherre.
Mange menneske kjenner ein slik bluferdighet andsynes å "leggja alt dei har på hjarta fram for Gud" med andre til stades. Dei har krav på respekt for det. Men altså : Å be. Kva er det?
Ganske mange menneske ber. Iallfall framfor ei viktig avgjerd. Når dei kvir seg for noko. Før kjemiprøva, når dei har lese for lite. - Det kan iallfall ikkje skada å setja ein liten innsats på Guds hjelp på òg, tenkjer dei. Eg håpar dei har ein plan B, i tilfelle dei ikkje oppnådde det dei ville med å be.
Me tenkjer ofte om bøn som noko religiøst. I det same bibelavsnittet me hørte frå, er eit uttrykk som òg har å gjera med å be: "Legg vinn på", står det. [object]Legg vinn på -. Det dreier seg om å prioritera. Å velja, satsa på. Lengta etter, drøyma om, strekkja seg mot. Det er å be. Så er ikkje bøn ei øving som gjeld mi sjel. Det handlar om meg sjølv. Alt eg er, alt eg har.
"Legg vinn på -". På kva då? Filipparbrevet 4,8 er eit av dei flottast versa i heile Bibelen: "Alt som er sant, alt som er rett, alt som er reint, alt som er verdt å elska og akta, all god gjerning og alt som rosverdig er, legg vinn på det."
Vil du skrive e-post til Jon Ådnøy, kan du gjere det her.
* * * *
Vi høyrer gruppa Vadested med ”Lovsyng vår Gud”.