Høyr andakten 12/5.
Tidligere andakter
Teksten er henta frå Jakob 1, 17-21.
God morgon medmenneske, forgjengelege, foranderlege ven, med evigheita planta i ditt indre, god morgon!
I dag vil eg dele med dykk ein trustanke, dele med dykk korleis eg har lært å tenkje i tru.
Eg veit at eg er forgjengeleg. Eg veit at eg er på veg mot døden. Begge foreldre mine har gått over den grensa, eg er eldst i min søskenflokk, menneskebufferen mot døden er borte. Eg veit, med stigande klarheit at det er fånyttes å halde fast på noko av det eg erfarer, same kor godt og vakkert det er.
”Den rike skal rose seg av sin låge stand”, seier apostelen Jakob i brevet sitt. ”For som blomen i graset skal han gå til grunne.” Eg er ein slik riking. ”Sola stig og brenn, graset visnar, blomen fell og all hans venleik kverv. På same måte skal den rike visna midt i alt sitt arbeid.”
Eg er snart 60 år. Eg held på å sleppe taket i førestelinga om mi konstante ungdommeligheit. Eg veit at eg har byrja på den livsdelen då kreftene minskar. Og visst sørgjer eg over det. Eg kjenner vel at eg vil leve så lenge eg berre kan. Eg er glad i mitt jordiske liv. Eg vil gjerne vere her, leve saman med barn og barnebarn, eg veit – Gud vere takk – at dei også tenkjer slik, ønskjer at eg skal vere ein del av deira liv lenge.
Men eg har også lært å tenkje ein annan tanke, i tru. Eg lever etter påskedag. Eg lever etter Kristi oppstode frå dei døde. Eg er på veg mot døden, men eg veit, ja i trua veit eg av erfaring, at kjærleiken er sterkare enn døden, at himmelen er større enn helvetet. Eg er ikkje berre på veg mot det evige livet med døden som port, det evige livet lever i meg, i forgjengelege meg.
Høyr, seier apostelen Jakob. ”All god gåve kjem ovantil, frå ljosens far. Hjå han er det ikkje forandring eller skifte mellom ljos og mørker”. Alt han lagar, alt som kjem frå han, alt han skapar i kjærleik, ber hans merke. Du og eg er hans kjærleiksbarn. Vi er hans gåver til kvarandre. Forgjengelege som vi er, er vi stempla av evigheit. Når den uforanderlege Gud har skapt meg i dette biletet, når han i Jesu oppstode frå dei døde, har forløyst meg og alle skapningar frå dødens lov – korleis skal eg då leve, leve resten av mitt forgjengelege liv?
I dagens ord set apostelen Jakob oss på sporet, eit forunderleg jordnært spor, så enkelt og så vanskeleg, og så godt å øve seg på kvar einaste av dei livsdagane som er att: ”Dette må de vita, mine kjære brør: Kvar og ein skal vere snar til å høyra, men sein til å tala og sein til å harmast. For harmen åt eit menneske fører ikkje til det som er rett for Gud. Legg difor av all ureinskap og all vondskap, og ta viljug mot det ordet som er planta i dykk, og som har kraft til å frelse sjelene dykkar”.
Herre, deg vere ære, for kjærleiken som er sterkare enn døden.
Vil du skrive e-post til Geir Gundersen, kan du gjøre det her.
* * * *
Vi høyrer Steinar Albrigtsen som fekk hjelp av Frelsesarmeen sitt Hornorkester til å framføre ”Å være din, o Jesus”.