Høyr andakten 9/5.
Tidligere andakter
Tekst: Salme 139, 1-12
God morgon!
Eg reknar den dagen for spesielt viktig i livet mitt, i livet mitt som truande menneske, då eg forstod at det ikkje var mine tankar om Gud som var det sentrale, men Gud sjølv som virkeligheit. Langsamt, i takt med ei ny hjartebøn vaks dette rommet av fridom: Herre gi meg å la dei fare, alle mine førestelingar om deg, og stig du sjølv i meg, du min djupaste røyndom.
I Salme 139 syng David om Han som ikkje er til å kome forbi. Det er ein umåteleg vakker song. Eit menneske har prøvd å gjere seg fri frå Gud, kanskje i angst, kanskje i stort mot, men heit fånyttes. For korleis kan menneske fri seg frå seg sjølv, frå sitt eige vesen som skapning?
Herre, du ransakar meg og kjenner meg. Anten eg sit eller står, så veit du det. Anten eg går eller ligg, så ser du det. Du kringset meg på alle sider, du har lagt di hand på meg.
Det er for underfullt til å skjøna, det er så høgt at eg ikkje kan fatta det. Kvar skal eg fara frå din Ande, kvar skal eg røma frå ditt åsyn?
Fer eg opp til himmelen, så er du der, og reier eg lege i dødsriket, så er du der og. Og seier eg: Lat mørkret løyna meg og ljoset ikring meg verta natt, så er ikkje mørkret for mørkt for deg, og natta er ljos som dagen, ja, mørkret er som ljoset.
Om det er slik, om Gud ikkje er til å kome unna, kva så med meg? Skal eg vere redd eller kan eg vere glad? Kan eg gje meg over til han som min kjære far – eller skal eg frykte for kva den uunngåelege Gud vil gjere med meg?
Fromme fakter duger ikkje. Sjølv i det frommaste sinn ligg angsten på lur, bilete av Gud som ein lunefull herskar ein aldri kan vere heilt trygg på.
Eg ser det slik: Vi får heile det livet vi får til å øve oss i openheit for Guds kjærleik. Kanskje med desse orda frå ei gamal keltisk bøn, eit ekko av Salme 139.
Gud som omslutter meg - Gud som omgir meg - Gud i min tale - Gud i min tanke.
Gud i min søvn, Gud i min oppvåkning - Gud i mitt blikk - Gud i mitt håp.
Gud i mitt liv - Gud på mine lepper - Gud i min sjel, Gud i mitt hjerte.
Gud i mitt velbefinnende - Gud i min hvile - Gud i min sjel, Gud i min evighet.
Slik kan vi kle oss i Gud.
Vil du skrive e-post til Geir Gundersen, kan du gjøre det her.
* * * *
Vi høyrer Kristina Jølstad Moi syngje ein keltisk morgonsong - ”Jeg våkner i dag”.