p1 Andakten 3_1
Her er du: NRK.no > Programmer > Radio > Andakten Sist oppdatert 13:17
 

Geir Gundersen: Sang i tru

I trua på Jesus er det mogleg å halde ut sjøl dei sværaste prøvingar og erfare glede midt i den djupaste sorg. I tru bagatelliserer vi inga liding, men strekker oss mot lyset og håpar at den vonde tida skal ta slutt, seier Geir Gundersen.

Publisert 08.05.2006 06:00. Oppdatert 03.07.2006 09:49.

Høyr andakten 8/5.

Tidligere andakter

Teksten er henta frå 1. Petersbrev 1, 3-9.

God morgon!

Ønskjer eg alle mine tilhøyrarar. Men særleg dei som ikkje har nokon god morgon, som enno ikkje veit heilt kva slags morgon dette skal bli, som er utanfor fellesskapet av dei morgonglade.

”Lova vere Gud”, syng Peter i dagens tekst frå 1. Petersbrev. Lova vere han, vår Herre Jesus Kristi far, som har født oss på ny til ei levande von ved Jesu Kristi oppstode frå dei døde!

Kven syng han for Peter? Denne sterke, skrøpelege mannen, som elska Jesus, som sveik Jesus og som ein elskande Jesus like fullt ville byggje si kyrkje på, kven syng han sangen om den levande vona for? Visst trur Peter at Jesu oppstode frå dei døde er historia sitt midtpunkt som endrar livsvilkåra for alle døyelege. Visst gjeld den levande vona for alle menneske. Men Peter sin song har ei særleg adresse: dei som står i fare for å gå under i vonløyse, dei som – seier han – nå, ei lita stund, når så skal vera, må ha det vondt i mange slags prøvingar.

Den historiske Peter syng for minoriteten av kristne i Vesle-Asia, for spreidde truande som ikkje kan vere trygge for livet sitt i fiendtlege omgjevnader. Men Peters sang kling gjennom alle tider, og i dag syng han for alle som har det vondt no, for alle som lir no, og særleg for minoritetar som lir under majoriteten sin forakt.

Lova vere Gud, syng han, som har fødd deg på ny, så du skal få kvile i ei levande von same korleis nosituasjonen er. Og høyrer du til dei som nettopp ikkje kan kvile, så reven i bitar er du av alle slags bekymringar, så er sangen rik nok til å dra deg inn der du er, og vona så levande at den også tåler vonløysa.

For dette er ein sang i tru. Tru på Jesus, på Jesu oppstode frå dei døde. Og det har verkeleg vist seg gjennom alle tider, at i trua på Han er det mogleg å halde ut sjøl dei sværaste prøvingar og erfare glede midt i den djupaste sorg. I tru fornektar vi ingenting av det som verkeleg er vondt og bagatelliserer inga liding. Men vi strekker oss mot lyset frå det som vi håpar på, at denne tida skal ta slutt, at Jesus skal få det siste ordet og snu alle ting til kjærleikens siger over døden.

”Og han elskar de”, syng Peter, ”endå de ikkje har sett han; han trur de på, endå de no ikkje ser han.”

God morgon!

Vil du skrive e-post til Geir Gundersen, kan du gjøre det her.

* * * *

Vi høyrer Solveig Leithaug Hendersson syngje ”Heilt til Himlen”.


LENKER
Siste saker:

SISTE ANDAKTER

Flere andakter (arkiv fra 2001 fram til i dag)

 

Nettradio

Morgenandakt i opptak

10 SISTE ANDAKTER
Flere andakter
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no