Mirjam hadde ei leirarrolle, ho førte kvinnene i dans og song, ho var ein profet, og det ho gjorde, blir hugsa fleire tusen år etter hennar levetid. Vi har alle ei lita stund i historia - anten vi er kvinner eller menn. Vi har roller å fylla, vi har forventningar å møta, seier Vigdis Berland Øystese.
Høyr andakten 8/3.
Tidligere andakter
Teksten er henta frå 2. Mos. 15, 20-21.
Kvinnedagen.
Ei lita jente ligg gøymd i sivet ved Nilen. Ho held auge med ei korg som duppar i vatnet heilt inne ved elvebreidda. Det er like ved badeplassen til prinsessa. Der kjem Faraos dotter med ternene sine og slår seg til ved vatnet. Ho ser den vesle kista av papyrusrør og får ei av ternene til å henta henne. Oppi ligg det eit lite, vakkert spedbarn. Det må vera ein av hebreargutane som kongen har sagt skal kastast i Nilen.
Då er det jenta kjem fram frå sivet, helsar kongsdottera og seier: ”Skal eg gå og finna ei hebrearkone som gjev bryst, så ho kan fostra opp barnet for deg?” Og så kjem mor til barnet og får ta guten heim til seg. ”Men då han vart stor, gjekk ho til kongsdottera med han, og han vart som ein son for henne.” Det er første gongen vi høyrer om Mirjam, Moses si modige storesyster. Vi får høyra langt meir om veslebroren hennar; mannen som vart kalla av Gud til å leia folket sitt ut or fangenskapet i Egypt.
Dei har vore tre sterke søsken, Mirjam, Moses og Aron. Og dei har utgjort ein leiartrio på den lange og strevsame vegen mellom Egypt og Kanaan. I profeten Mika (6,4) seier Gud til Israelsfolket: ”Eg førte deg opp frå Egypt og løyste deg ut or trælehuset. Eg sette Moses, Aron og Mirjam til å føra deg”.
Aron var prest og ein åndeleg førar. Men Moses var den fremste mellom dei, han førte direkte samtalar med Gud Herren sjølv og fekk sine instruksar derifrå. Fjerde Mosebok fortel at søskena kritiserte Moses og røpa at dei var misunnelege på han: ”Er det berre Moses Herren har tala med? Har han ikkje tala med oss òg?” sa dei. Gud Herren høyrde det og vart harm.
Mirjam kjem litt i skuggen av dei to brørne sine. Men på sentrale plassar i historia er også ho omtala; hennar rolle er vesentleg i den sterke forteljinga om eit gamalt folk, jødefolket. Og ho er også viktig i Guds plan for dette folket, og for alle menneske.
Det var inga enkel sak å få hebrearfolket ut av Egypt. Mange gonger ombestemte Farao seg og nekta dei å reisa, og då dei til sist kom av stad, sette han etter dei med ein stor hær. Ved eit mirakel kom dei seg velberga gjennom Sivsjøen medan forfølgjarane deira gjekk til grunne. Profetkvinna Mirjam, står det i 2 Mos 15, tok ei tromme i handa, og alle kvinnene fylgde etter henne, slo på tromme og dansa. Mirjam song føre:
”Lovsyng Herren, for han er høg og herleg! Hest og krigar støytte han i sjøen”.
Også Mirjam hadde ei leirarrolle, ho førte kvinnene i dans og song, ho var ein profet, og det ho gjorde, blir hugsa fleire tusen år etter hennar levetid.
Vi har alle ei lita stund i historia - anten vi er kvinner eller menn. Vi har roller å fylla, vi har forventningar å møta. Vi kan møta dei som Mirjam, med mot, med frimod, med klokskap og med lovsong.
Vil du skrive e-post til Vigdis Berland Øystese, kan du gjere det her.
* * * *
Vi høyrer Marianne Juvik Sæbø syngje ”Lilja”.