p1 Andakten 3_1
Her er du: NRK.no > Programmer > Radio > Andakten Sist oppdatert 13:17
 

Vigdis Berland Øystese: Små og store freistingar

Jesu eksempel fortel oss at vi skal kjempa mot freistingane som leier oss bort frå den gode vegen. Men teksten fortel òg at Jesus har prøvd også det å bli freista, jamvel medan han var svak og svolten. Så han veit kva det handlar om, seier Vigdis Berland Øystese.

Publisert 06.03.2006 05:00. Oppdatert 03.07.2006 14:32.

Høyr andakten 6/3.

Tidligere andakter

Teksten er henta frå Matt. 4, 1-11.

- Eg fall for freistinga, eg måtte berre ha det. –Eg fall for freistinga til å bli med. –Eg fall for freistinga til å droppa heile greia. Slik seier vi titt og ofte. Og vi kan då unna oss å falla for ei freisting i ny og ne, kan vi ikkje?

Mange av dei freistingane vi snakkar om i slike lette vendingar, er vel ufarlege. Men å la seg leia av augeblikkets impulsar eller det som lokkar mest til ei kvar tid, er ein farleg leik.

Mykje omkring oss oppfordrar oss nettopp til det: Du skal velja det som ser godt ut, det du har lyst på no, det som kjennest rett for deg. Ein reklametekst seier: ”Det er lov å la seg friste!” Spørsmålet om kva som er rett og gale, eller kva som er godt for ein annan, blir lett trengt i bakgrunnen av kallet frå dei mange behov ein kjenner i livet.

Det hender vi gir freistingane andre namn, prøver å forkle dei. Ordet freisting eller fristelse brukar vi gjerne om materielle småting. Andre og større forhold kallar vi kanskje ”behov for forandring” eller ”nødvendig val”, ”tilfelle” eller ”skjebnens gang”. Vi likar ikkje å tenkja på at det som lokkar oss til seg, og som verkar så herleg og ønskverdig, ofte også drar oss bort frå noko anna som betyr uendeleg mykje både for oss sjølv og for andre menneske.

I dagens bibeltekst i Matteus 4 les vi om at Jesus blir freista av djevelen, han som også har namnet freistaren. Jesus har vore ute i øydemarka i førti dagar og netter; han har fasta heile tida og no er han svolten.

”Er du Guds Son, så sei at desse steinane skal bli til brød!”, seier freistaren. Jesus svarar: ”’Mennesket lever ikkje av brød åleine, men av kvart ord som går ut frå Guds munn.’ Så tok djevelen han med seg til den heilage byen, sette han ytst på tempelmuren og sa:

’Er du Guds Son, så kast deg utføre! For det står skrive: Han skal gje englane sine påbod om deg. Dei skal bera deg på hendene, så du ikkje støyter foten på nokon stein.’ Men Jesus sa til han: ’Det står òg skrive: Du skal ikkje setja Herren din Gud på prøve.’ Då tok djevelen han med seg opp på eit svært høgt fjell og synte han alle rika i verda og deira herlegdom og sa: ’Alt dette vil eg gje deg om du fell ned og tilbed meg.’ Men Jesus sa til han: ’Vekk med deg, Satan! For det står skrive: Herren din Gud skal du tilbe, han og ingen annan skal du tena’. Då gjekk djevelen frå han, og sjå, englar kom og tente han.”

Jesus viser den vonde bort og held fram på den vegen han nett har byrja på, vegen som vil føra han gjennom fornedring og liding og død. Men samstundes den vegen som vil føra til frelse for menneska.

Jesu eksempel fortel oss at vi skal kjempa mot freistingane som leier oss bort frå den gode vegen. Men teksten fortel òg at Jesus har prøvd også det å bli freista, jamvel medan han var svak og svolten. Så han veit kva det handlar om! Han har gitt oss eit forbilde i møte med freistingane, men han har også gitt oss ei adresse vi kan koma til når vi sviktar.

Vil du skrive e-post til Vigdis Berland Øystese, kan du gjere det her.

* * * *

Vi høyrer Marianne Bondevik som solist saman med koret frå TV-programmet "Sanger fra bedhusland", og salmen heiter "Jesus det eneste" .


LENKER
Siste saker:

SISTE ANDAKTER

Flere andakter (arkiv fra 2001 fram til i dag)

 

Nettradio

Morgenandakt i opptak

10 SISTE ANDAKTER
Flere andakter
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no