Høyr andakten 30/12.
Tidligere andakter
Teksten er henta frå Lukas 2, 25-40.
God morgon!
Foreldra mine lever ikkje lenger. Mor Ester og far Harry. Eg tenkjer: Eg er foreldrelaus på jorda, men dei følgjer meg frå himmelen. Visst saknar eg dei. Fars veldige lojalitet og støtte i vanskelege tider. Dei lange telefonsamtalane med mor. Det er ei ny livsrolle å vere den eldste levande i familien vår.
Men eg kjenner at dei er nær. At dei følgjer meg med kjærlege augo. Det er det som heiter velsigning: å følgje den ein elskar med eit godt blikk. Herren la sitt andlet lysa over deg, Herren lyfte sitt åsyn på deg! Mors auge på spebarnet i armane sine, det er velsigninga si urform.
Eg har fått ein bror i himmelen og no. Bror Thor. Thor Wagle, prest og vismann. Han døydde i mai i år. Det var ein generasjon mellom oss, det er godt å ha minst ein ven som har levd ein generasjon lenger enn deg sjølv. Dei siste åra brukte vi å møtast fast på kontoret mitt. Han kom til lunsj i Blå Kors huset kl. 11.30 og hadde betalt parkometerbillett til presis 13.30.
Vi hadde gjort ei vennskapspakt. Vi skulle hjelpe kvarandre til å halde høgde på livsens veg, til å leve ope og fritt med Gud og menneske. No er bror Thor dø. Somme gonger saknar eg han veldig. Men eg kjenner at hans vakne, vitale, varme augo kviler på meg frå himmelen. Velsignar meg. Geir, hald høgde, ikkje tull deg bort.
Då Maria og Josef kom til tempelet med sitt åtte dagar gamle barn, møtte dei Anna og Simeon. To gamle, fromme menneske som heldt på fullføre trusvegen sin. I Lukas 2 står det meir om Simeon enn Anna, men eg vil peike på Anna, ho var 84 år gamal, den alderen mor hadde då ho døydde.
I sin ungdom hadde ho vore gift i sju år, står det. Som enkje har ho gjort sitt store trussprang. Ho var aldri borte frå templet. Ho søkte Gud dag og natt i bøn og faste. No står ho framfor Barnet og sitt livs mål.
Slik ser eg det: Ho samlar heile sitt søkande liv i eit varmt og kjærleg blikk på barnet og dei to vaksne som ber det. Saman med Simeon fullfører ho trusvegen ved å velsigne den vesle familien.
No har Anna fullført løpet. No er ho klar for himmelen. Ho har funne den ho har søkt. Ho kan slutte seg til skaren av dei heilage, der alle følgjer menneska dei elskar med kjærlege augo.
Som Anna får eg og eit heil liv til å gå trusvegen og følgje mine djupaste lengsler. Så godt at eg har nokon – i himmelen og på jorda – som følgjer meg med velsigning. Så godt at eg har nokon å sjå på med kjærlege augo. Som kan nære seg på mi velsigning.
Vil du skrive e-post til Geir Gundersen, kan du gjøre det her.
* * * *
Vi høyrer Bodil Arnesen syngje ”Velsignelsen”.