Høyr andakten 9/12.
Tidligere andakter
Det er advent. Eg tenner to lys, eitt for å sjå og eitt for å bli sett. Vi møter dagen med ord frå Salme 5 i Det gamle testamentet:
”Om morgonen høyrer du mi røyst, tidleg vender eg meg til deg og ventar.” Ho eller han som formulerer desse orda prega av tillitt: Gud høyrer.
I Tøyenkyrkja i Oslo ber ein i kvardagsmessas ei bøn som liknar på denne. Musikar Andreas tonsett ei strofe som Oskar Steim Bjørlykke har skrive:
”Du ser meg, Gud! Snu meg, så jeg kan se deg... Du ser meg Gud! Snu meg, så jeg kan se deg... Du ser meg, Gud. Snu meg, så eg kan sjå deg! … (NoS Bønebok 74.)
Vi gjentek det, heilt til det kanskje siv inn i kvar og ein, kva gudsbilde dette er. Gud vender seg ikkje bort, - snu meg, så eg kan sjå deg.
Eg møter så mange som kjenner seg uverdige, ein trur seg forkasta. Ofte er det forkynninga av ein opphøgd dommargud som har sett spor. Ein ser liksom føre seg ein representant for øvrigheita som krev reine hender og nyvaska klede.
Tanken om at mennesket må vere reint, reinsa for at ho eller han skal få møte Gud, er u-evangelisk.
Å vere fullkommen er ikkje eit krav for å kome i møte med kristentruas Gud.
Kva då med det som er knust? Det eg ikkje gjer, som eg skulle ha gjort. All vondskapen, eller djevelskapen som nokre vil kalle det.
Eg trur vi kan ta det med inn til Gud.
På kveldsmeditasjonen i Emmaus ber vi denne bøna som svenske Margareta Melin har skrive. Margareta Melin har fått ei gåve til å gi ord på den gode relasjonen mellom eg og Gud. I nynorsk omsetting lyder ho sånn:
Her er eg - som den eg er og kjennest ved mi verkelegheit utan å forstørre eller forminske utan å skjønnmale eller svartmale.
Omgjeven av din nåde, min Gud, løyner eg ingen ting, let eg ditt lækjande lys falle inn over skam og skuggar.
(Margareta Melin: “Du som vill at jag ska finnas”, 2002 Verbum Förlag, side 65)
DU ser meg Gud, snu meg så eg kan sjå deg!
Eg skulle så gjerne ville sjå meg sjølv med dine augo, Gud, Om eg såg med dine augo, trur eg at det skulle vere lettare for meg å møte andre utan redsle!
”Om morgonen høyrer du mi røyst, tidleg vender eg meg til til deg og ventar. Herre, lei meg i di rettferd, så mine fiendar ikkje når meg. Gjer vegen jamn for meg!”
Vil du skrive e-post til Kari Veiteberg, kan du gjøre det her.
* * * *
Vi høyrer Hilde Svela med ”Velsignelse ved reisestart” - ein salme frå Skotland.