p1 Andakten 3_1
Her er du: NRK.no > Programmer > Radio > Andakten Sist oppdatert 13:17
 

Rydd veg for Herren

Som palestinarar ville Josef og Maria aldri nådd fram til Betlehem, som israelarar ville det vore farleg å oppsøke byen. Med norsk pass og hjelp frå FN kunne Josef og Maria ha klart det. Men lat oss høyre på stemmene som lyder frå verkelegheitas Betlehem. Dei syng også ”Rydd vei for Herrens komme!” fortel Kari Veiteberg.

Publisert 07.12.2005 05:00.

Høyr andakten 7/12.

Tidligere andakter

Det er advent. Eg tenner to lys, eitt for fred og eitt for barnet som skal kome. Denne dagen, den 7. desember 1987 lærte mange av oss eit ord på arabisk. Den første intifadaen begynte i Israel. Intifada betyr ”oppstand”.

For to tusen år sidan førebudde dei seg, Josef og Maria på reisa frå Nasaret til Betlehem. Ein småkald desembermorgon, Maria på eit esel og Josef tuslande bak. Kva rute valte dei? Enten på nedsida gjennom den palestinske vestbreidda til Jeriko og derifrå opp til Jerusalem eller via Jordan elvas austbank til Jeriko, og derifrå same rute til Betlehem. Betlehem ligg åtte km sør for Jerusalem.

Vi er på veg mot jul, vi ventar på det vesle barnet i krybba lagt på strå. I dag 2005, ville nok ikkje Maria og Josef ha komen seg or flekken.

Søstera mi er nyss heimkomen frå Betlehem. Ho fortel at Jesu fødeby i dag er omringa av ein åtte meter høg mur. Betlehem er avstengd, omgjeven av ein mur som skal beskytte. Barna i Betlehem veks opp utan lukta av vår, utan å sjå trea. Alt grøntområde er utanfor muren. Vanleg ferdsle er umogeleg.

Vi ventar og lengtar etter Jesu fødsel i Betlehem. Det er advent, tida for å rydde veg, tida for å førebu. ”Rydd vei for Herrens komme” syng ein i kyrkjene denne tida. Om ikkje ”å rydde veg” også handlar også om å rydde bort sperringane og kontrollpostane?

Som palestinarar ville Josef og Maria aldri nådd fram til Betlehem, som israelarar ville det vore farleg å oppsøke byen. Med norsk pass og hjelp frå FN kunne Josef og Maria ha klart det. Men lat oss høyre på stemmene som lyder frå verkelegheitas Betlehem. Dei syng også ”Rydd vei for Herrens komme!”

Paulus skriv i eit brev til vennene sine: ” Men vi som høyrer dagen til, vi skal vera edrue, kledde med tru og kjærleik som brynje og med vona om frelse som hjelm.”

Brynje – altså framsida vår ho består av tru og kjærleik. Kle på seg / tre over seg tru – tru – ein vevnad av tillitt

Kle på seg / tre over seg kjærleik, den nyansen av kjærleiken som grekarane kalla “agape” – som ikkje krev attende, - som elskar uavhengig av at ein liksom skulle ha fortent det.

Oppmodinga om å kle seg med kjærleik gjer at ein må leggje bort krigerske. Det harde, uforsonlege.

Det er advent. Eg ber om styrke og mot til å kjempe, til å rydde veg for det vesle barnet i krubba i Betlehem.

Vil du skrive e-post til Kari Veiteberg, kan du gjøre det her.

* * * *

Vi høyrer adventssalmen ”Rydd vei for Herrens komme”, skriven av Svein Ellingsen og Egil Hovland, og det var ei korgruppe frå Stavanger domkyrkje som framførte han.


LENKER
Siste saker:

SISTE ANDAKTER

Flere andakter (arkiv fra 2001 fram til i dag)

 

Nettradio

Morgenandakt i opptak

10 SISTE ANDAKTER
Flere andakter
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no