Nikolas er vernehelgen for sjømenn og barn, ugifte jenter, advokatar og kjøpmenn, fiskarar, apotekarar, brannmenn og fangar. Nett desse menneska kjenner vel at St. Nikolaus står opp for dei. Slike treng verda, seier Kari Veiteberg.
Høyr andakten 6/12.
Tidligere andakter
Det er advent. Eg tenner to lys, eitt for gåvmildheit og eitt for å minnast. Vi skal minnast julenissen i dag.
St. Nikolaus som var biskop i Myra i Vesle Asia døde denne dagen 6. desember midt på 300 - talet .
I mellomalderen var han den mest populære helgenen etter Maria, Jesu mor, og det vart bygd mange Nikolaus kyrkjer: Den største av kyrkjene på Gran på Hadeland er ei av dei.
Det er knytt mange forteljingar til St. Nikolaus. Den mest kjente er om tre unge jenter som faren ville selje til prostitusjon, fordi han mangla pengar til medgift. Om natta kasta St. Nikolaus tre sekkar gull inn vindauga og jentene vart ”redda.”
Det er som den gode og gåvmilde Nikolaus er kjent, og det utvikla seg derfor utover middelalderen tradisjonar med å gi gåver den 6.desember, - særleg til barna. I Nederland held ein tradisjonane rundt St. Nikolaus i hevd og dei tok han med seg til USA kor han vart blanda med engelske Father Christmas. St. Nikolaus blei forkorta til Santa Claus. Tradisjonen med at barna skulle sette ein sko i vindauga som Nikolaus skulle fylle med gåver, vart utvikla til ei strømpe ved peisen.
Kanskje skal vi gi ei gave til nokon i dag? Eller på ein eller annan måte glede nokon? Eg er glad for at St. Nikolaus fins. Vi treng slike. Gåvmilde menneske, og menneske som står opp for andre.
Nikolas er vernehelgen for sjømenn og barn, ugifte jenter, advokatar og kjøpmenn, fiskarar, apotekarar, brannmenn og fangar. Nett desse menneska kjenner vel at St. Nikolaus står opp for dei, - tek dei i forsvar. Verda treng slike som er vakne og vernar. – Som står opp for.
Dei versa frå Bibelen som er gjeve oss i dag er henta frå Jesu lidingsoge. Eg trur mange er vel kjende med forteljinga frå Getsemanehagen: Jesus ber venene sine om å vake saman med han, han ber dei om å vere vakne, men dei får det ikkje til. Dei sovnar.
Eg vil freista å vere vaken i dag. No går det an å vere vaken, men likevel sove. Vi går rundt og trur vi er vakne, men følgjer ikkje med, overser, går forbi.
Vi bekjenner for deg heilage Gud, at vi ofte berre ser det vi vil sjå, berre høyrer det vi vil høyre. Vi går forbi menneske som treng oss og bryr oss ikkje om den nauda og smerta som ikkje rammar oss sjølv.
Vakna vakna… Nokon treng deg!
Vil du skrive e-post til Kari Veiteberg, kan du gjøre det her.
* * * *
Vi høyrer The Swingel Singers med Bach-kantaten ”Wachet Auf” - eller ”Sleepers Awake” som han heiter på Swingel Singers språk.